Grøn plattform gjev moglegheiter for landbruks- og matnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 04.11.2020
No skal 20 millionar kroner bli delt ut til forprosjekt i forbindelse med regjeringas tiltakspakke Grøn plattform. Forprosjekta skal vere med på å mobilisere gode søkarar til hovudutlysinga i 2021.
- Alle berekraftige bransjar har moglegheit til å søkje støtte til sine prosjekt. Landbruks- og matnæringa speler ein sentral rolle i den grøne omstillinga gjennom utvikling av ny spennande og grøn teknologi. Eg oppmodar bedrifter og forskingsinstitutt som jobbar med prosjekter innan landbruk, sirkulær økonomi, bioøkonomi og fôrutvekling til å søkje, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Med tiltakspakka Grøn plattform ønskjer regjeringa å gje 1 milliard kroner til forsking og innovasjon i næringslivet som bidreg til meir grøn omstilling. Utlysinga vil bidra til å utvikle ny grøn teknologi, noko som vil gjere næringslivet meir berekraftig og konkurransedyktig i framtida.
Grøn plattform byggjar på eksisterande ordningar i Innovasjon Noreg, Noregs Forskingsråd og Siva. Samarbeidet inkluderer og Enova. Slik får grøne prosjekt éin felles inngang til aktørane i verkemiddelapparatet.