Historisk arkiv

Hans Henrik Scheel tilsett som SSB-direktør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Hans Henrik Scheel (54) er i statsråd i dag tilsett som administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå for ein periode på seks år.

Hans Henrik ScheelHans Henrik Scheel (54) er i statsråd i dag tilsett som administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå for ein periode på seks år. Scheel har frå august 1993 vore ekspedisjonssjef i Finansdepartementet. Scheel er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo i 1985.

- Eg er glad for at Hans Henrik Scheel blir ny direktør i SSB. Han er ein dyktig økonom og eg er trygg på at SSB får ein svært god leiar, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Scheel har lang erfaring frå Finansdepartementet, kor han har leia Skatteøkonomisk avdeling. I perioden 1992-1993 var Scheel gjesteforskar ved Department of Economics, University of California, San Diego. Scheel har vore konstituert departementsråd i Moderniseringsdepartementet i perioden januar 2003 til juli 2004, og var i perioden frå august 2006 til januar 2008 tilsett som ekspedisjonssjef og leiar av Innanriksavdelinga ved Statsministerens kontor.

Scheel vil tiltre stillinga så snart som mogleg.

Til toppen