Historisk arkiv

Helikopterruta Værøy – Bodø: Utlysing av anbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut anbod for drift av helikopterruta Værøy - Bodø for perioden 1. august 2008 - 31. juli 2011. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod. Frist for innlevering av anbod er sett til 7. juli 2008.

Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut anbod for drift av helikopterruta Værøy - Bodø for perioden 1. august 2008 - 31. juli 2011. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

Anboda må oppfylle dei krava som Samferdselsdepartementet har fastsett for drifta av ruta. Slike krav omfattar mellom anna billettprisar, setekapasitet og talet på flygingar på strekninga. Einerett til drift av ruta vil bli gitt til det selskapet som har det lågaste kravet til godtgjersle frå staten. Flyselskapet som får einerett til drift av ruta må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området.

- Det nye anbodet sikrar vidareføring av eit godt tilpassa rutetilbod til Værøy. I utlysinga av anbodet er det mellom anna lagt til grunn at maksimalprisane skal setjast ned med 20 prosent, samanlikna med dei maksimalprisane som gjeld i dag. Det blir i anbodet òg stilt nye krav som kan gje to daglege rundturar også i den mørke årstida, i fall ein får godkjent eit system for innflyging i mørke til Værøy, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Frist for innlevering av anbod er sett til 7. juli 2008.

Meir informasjon: