Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Larvik, Nøtterøy og Tønsberg 16. april

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråd Bent Høie besøkjer Vittersø gård i Larvik saman med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Vittersø tilbyr dagaktivitetar for personar med demens (Inn på tunet). Bent Høie deltek også på innviinga av nye Bjønnesåsen bo- og aktivitetssenter på Nøtterøy og besøkjer Haugar tannklinikk i Tønsberg.

Kl 09.30-11.30: Vittersø gård saman med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.
Adresse: Lindhjemveien 196, 3280 Tjodalyng 

Det er behov for fleire dagaktivitetstilbod til personar med demens. Dagaktivitetar er eit av de viktigaste tiltaka for å leve eit godt liv med demens. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider med ein ny plan for å skape eit meir demensvennleg samfunn, Demensplan 2020. Landbruks- og matdepartementet har gjennom mange år arbeidd med Inn på tunet. Her blir gardsbruk brukt som arena for å gi ulike grupper eit betre liv. Inn på tunet skal bidra til meiningsfulle dagar for brukarane, med sosialt samvær, tryggleik og opplevinga av meistring. Statsrådane møter brukarar av Inn på tunet og deira pårørande.

Pressa er velkomen til å delta og statsrådane er tilgjengelege for kommentarar.

12.15-13.15: Bjønnesåsen bo- og aktivitetssenter på Nøtterøy.
Adresse: Bjønnesveien 28, 3140 Nøtterøy

Helse- og omsorgsministeren deltek på innviinga av Nøtterøy kommune sin nye sjukeheim, Bjønnesåsen bo- og aktivitetssenter. Senteret har 102 sjukeheimsplassar, og er utforma særleg med tanke på pasientar med kognitiv svikt. Statsråden får mellom anna ein demonstrasjon av sensorgulvet som kan registrere og varsle om ein bebuar fell. Statsråden møter bebuarar og tilsette.  

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

13.30-14.20: Haugar tannklinikk.
Adresse: Stoltenbergsgate 3 B (Telenorbygget) 3110 Tønsberg 

Tannhelsepersonell treffer dei fleste barn under 18 år og har difor ein unik moglegheit til å avdekke omsorgssvikt. På Haugar tannklinikk får statsråden ei orientering om arbeidet deira for å oppdage overgrep mot barn, og om samarbeidet dei har med barnevernstenesta. Dei vil også fortelje om tannhelsetilbodet til personar som er utsette for tortur, overgrep eller har odontofobi. Ved tannklinikken jobbar det eit eige team av mellom andre spesialopplært tannlege og psykolog som tilbyr eit tilrettelagt behandlingstilbod til denne pasientgruppa. Statsråden møter tilsette og pasientar.    

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.