Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Oslo Cancer Cluster og Utprøvingsenheten på Radiumhospitalet

Statsråden får innblikk i arbeidet til ulike kreftforskarar. Han får også prøve seg selv på laben, der vi får sjå korleis forsking på føflekkreftceller skjer i praksis. Besøkjet vert avslutta på Utprøvingsenheten på Radiumhospitalet, som er Norges leiande senter for kliniske kreftstudiar. Statsråden treff tilsette og ein pasient som får immunterapibehandling.

Stad: Oslo Cancer Cluster Innovasjonspark, Ullernchausseen 64-66, Oslo

Tid: Mandag 22.02 kl 10.00 – 11.30

Program:

10.00 – 10.30 Omvising på Oslo Cancer Cluster Innovasjonspark

10.30 – 10.50 Presentasjon ved Jónas Einarsson, CEO Radiumhospitalets Forskningsstiftelse, og Ketil Widerberg, dagleg leiar, Oslo Cancer Cluster.

11.00 – 11.30 Besøk hos Utprøvingsenhetens poliklinikk, 2. etg i klinikkbygget på Radiumhospitalet.

Om Oslo Cancer Cluster og innovasjonsparken

Oslo Cancer Cluster er ei nasjonal klynge med globale samarbeidspartnarar og ein medlemsorganisasjon for bedrifter, akademiske miljø og industri med verksemd innan kreftforsking og diagnostikk. Konseptet er å samle aktørar som jobbar med kreft i ei nasjonal klynge med sterke internasjonale band, samstundes som ein del av klynga vert samla fysisk i Oslo. Målet er å samarbeide på tvers av fag og fagdisiplinar og skape møteplassar mellom industri, utdanning og forsking.

Om Utprøvingsenheten på Radiumhospitalet

Nye legemiddel og behandlingsmetodar for kreft vert utvikla kontinuerleg, og Utprøvingsenheten er Norges leiande senter for kliniske kreftstudiar i fase I/II. Kliniske studiar (utprøvande behandling) betyr at medisinen vert testa ut i menneske for å sjå om verknaden er som forventa, og om biverknadene er akseptable. Utprøvingsenheten blei starta i 1995 og eininga har cirka 20 tilsette.

Oslo Cancer Cluster har hatt eit nært samarbeid med Utprøvingsenheten sidan oppstarten av klynga i 2007. Medlemma i Oslo Cancer Cluster ser kliniske studiar som eit avgjørande område for verksemdene sine. 

Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.