Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Tønsberg 26. januar 2015

Statsråd Bent Høie besøkjer Kontoret for fritt sykehusvalg og HELFO i Tønsberg. Han skal også møte Pasient- og brukarombodet i Vestfold for å snakke om regjeringa sitt arbeid med pasienten si helseteneste og dei komande stortingsmeldingane.

Program:

09.00-10.00 Møte med Pasient- og brukarombodet i Vestfold, Torunn Grinvoll
Adresse: Storgata 35

Tema er regjeringa sitt arbeid med pasienten si helseteneste: nasjonal helse- og sjukehusplan og dei komande stortingsmeldingane om primærhelseteneste og folkehelse.

10.00-11.30 Statsråden besøkjer Kontoret for fritt sykehusvalg
Adresse: Storgata 35

Statsråden får ei omvising og treffer tilsette og brukarar.

12.00-13.30 Statsråden besøkjer HELFO
Adresse: Kjelleveien 21

Statsråden får ei omvising på huset og skal ha samtalar med leiinga og tilsette.

Møtet med leiinga og dei tilsette er lukka for pressa.

Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.