Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie held sjukehustale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Tysdag 12. januar presenterer statsråd Bent Høie sine styringsbodskap til sjukehusa for 2016.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie skal halde føretaksmøte for dei fire helseregionane 12. januar 2016. Der presenterer statsråden styringsbodskapa og forventningane sine til sjukehusa og øvrig spesialisthelseteneste, og gir departementet sine oppdragsdokument til dei regionale helseføretaka. I samband med føretaksmøta held statsråden årets sjukehustale. Statsråden vil mellom anna gjere greie for korleis regjeringa vil følge opp stortingsmeldingar og planar som vart lagde fram i 2015.

Tid: Tysdag 12. januar, kl. 11.00-12.30. Dørene opnar kl 10.30.

Stad: Rikshospitalet sitt store auditorium, inngang via hovudinngangen

Adresse:
Sognsvannsveien 20, 0372 Oslo.

Pressa er velkomen til å delta.

Bygget er universelt utforma. Talen vert tolka på teiknspråk.

Sjukehustalen kan du også følge direkte på Helse- og omsorgsdepartementet si nettside.