Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie lanserer pakkeforløp hjerneslag

12.000 nordmenn vert ramma av hjerneslag kvart år. 18.desember lanserer Bent Høie pakkeforløp for hjerneslag og revidert fagleg retningsline for behandling og rehabilitering av hjerneslag. Han blir med når overlege Hege Ihle-Hansen presenterer pakkeforløp for ein pasient for første gong.

Tid: Måndag 18. desember, kl. 14.00

Stad: OUS Ullevål sykehus, Bygg 3. (gå inn vis a vis Kiwi, seksjon hjerneslag – inn til venstre).

Noreg har gode resultat på behandling av hjerneslag sammenlikna med andre land. Men vi kan bli enda betre ved at fleire kjem raskt til sjukehus og at fleire får behandling ved ei slageining. Tid er kritisk.

Pakkeforløp for hjerneslag bidrar til eit likeverdig tilbod uavhengig av bustad, reduserer ønska variasjon og sikrar forutsigbarheit og tryggleik for pasientar og pårørande.

Professor og overlege Bent Indredavik ved NTNU og St. Olavs Hospital er prosjektleiar for utviklinga av pakkeforløp hjerneslag og vil presentere dette.

Pressa er velkommen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for intervju. 

Pressa kan bli med på pasientmøtet. 

Til toppen