Historisk arkiv

Helse- og omsorgsministeren besøker Sogn og Fjordane tysdag 25. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bent Høie besøker omsorgssenter i Stryn og Gloppen, Hogatunet bu- og behandlingssenter i Nordfjordeid, Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester og Entreprenørservice i Førde.

Program

08.30-09.15: Stryn omsorgssenter,
adresse: Myrane 18, Stryn.

Omsorgssenteret har omsorgsbustader med heildøgns tenester, sjukeheimsplassar og eit dagsenter. På senteret legg dei til rette for den einskilde bebuar og samarbeider med frivillige om aktivitetar som mellom anna dans, kafe og barnehagebesøk. Statsråden får ei orientering om tilbodet og får treffe bebuarar og tilsette.

10.00-10.45: Hogatunet bu- og behandlingssenter,
adresse: Skulevegen 24, Nordfjordeid.

Hogatunet opna 1. april. Statsråden får ei orientering om korleis velferdsteknologi har vore sentralt i utforminga av bygget, mellom anna er det installert nytt pasientvarslingssystem på alle rom. Han får møte tilsette og bebuarar.

11.40-12.40: Gloppen omsorgssenter,
adresse: Gotavegen 68, Sandane.

Omsorgssenteret satsar på god, lokal mat til bebuarane og kom på andreplass i "Gylne måltidsøyeblikk" i 2016. Statsråden deltar på eit måltid og får vere med på ein sykkeltur både ute og inne. Bebuarane brukar Motiview-sykkel. Ved hjelp av levande bilete og lyd kan dei dra på sykkeltur i kjende omgivnader. Motiview  stimulerer sansane, vekker  til live gamle minne, i tillegg til at bebuarane får trening.

14.00-15.00: Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane, 
adresse: Veglo 5, Førde.

Statsråden besøker dagsenteret Veglo. Veglo er ein einebustad med dagtilbod for menneske med demens. På Veglo får Høie ei orientering om utviklingssenteret sitt arbeid, med særleg fokus på demensomsorga. Høie får også møte brukarar, pårørande og tilsette på Veglo. Dagsenteret er oppteken av å tilby brukarane meiningsfulle aktivitetar i nærmiljøet og å ha eit godt samarbeid med dei pårørande.

15.10-15.55: Entreprenørservice AS,
adresse: Hornnesvegen, 6804 Førde.

Entreprenørservice gir unge menneske og dei med "hol i CV-en" ein sjanse i verksemda. Dei har tett kontakt med Øyrane vidaregående skule om inntak av lærlingar og opnar verksemda for ungdom som skal på utplassering. Bent Høie får ei synfaring og treff unge menneske som har fått ein fot inn i arbeidslivet.

Pressa er velkommen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.