Presseinvitasjon

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Seljord, Skien og Porsgrunn 29. juni

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fastlegesituasjonen, samarbeid mellom sjukehus og kommunar, moderne sjukeheimar og lågterskeltilbod for barn og unge innan psykisk helse står på programmet når statsråd Ingvild Kjerkol besøker Telemark.

Program 29. juni

Kl. 10.30-12.30: Fastlegesituasjonen i Seljord

Til tross for fastlegekrisa, har Seljord kommune lykkast med å rekruttere gode legar. Dei meiner å ha utvikla ein berekraftig modell, og vil fortelje om dette. Seljord har såkalla primærhelseteam og deltar i læringsnettverket «Gode pasientforløp».

Akuttkjeden Telemark
Målet med dette samhandlingsprosjektet var at Telemark skulle få Noregs beste akuttkjede. Alle dei 17 kommunane i fylket deltok. Prosjektet fokuserte på å styrke tillit, respekt og likeverd på tvers av forvaltningsnivåa. Prosjektleiaren fortel om erfaringane.

Stad: Seljord Helsesenter, Ingrid Slettens veg 16, Seljord

Kl. 14.00-15.00: Frå fritt behandlingsval til ei sterkare offentleg helseteneste
Direktør Tom Helge Rønning ved Sjukehuset Telemark meiner fritt behandlingsval-ordninga tappar den offentlege helsetenesta for ressursar og personell. Regjeringa vil avvikle ordninga. Samtale med helseministeren om vegen vidare: Korleis kan vi styrke den offentlege helsetenesta når fritt behandlingsvalg-ordninga opphøyr?

Sjukehuset vil òg fortelje om deira arbeid med å styrke tilbodet for barn og unge innan psykisk helse.

Stad: Sykehuset Telemark, Ulefossvegen 55, 3710 Skien

Kl. 15.15-16.15: Møte med ungdommar og Rocket-man-prosjektet i Porsgrunn
Rocket-Man er eit prosjekt for ungdom, der målet er å fange opp unge som fell utanfor, slit med rus eller står i fare for å gjere det. Prosjektet ønsker å skape ein arena for trygghleik, meistring og inkludering. Representantar frå prosjektet fortel om arbeidet. Møtet finn stad i Bakgården Ungdomshus – ein møteplass for ungdom mellom 13 og 18 år.

Stad: Bakgården Ungdomshus, Kirkebakken 6, Porsgrunn

Kl. 16.30-17.30: Ny sjukeheim og felles legevakt 
Mule sykehjem er ein topp moderne sjukeheim, som òg er base for heimetenestene. Statsråden får omvising.

Det er planar om å teste ut ei felles legevakt mellom Porsgrunn og Bamble kommunar. Ordførar Robin Kåss frå Porsgrunn kommune fortel om planane. Ordføraren i Bamble, Hallgeir Kjeldal, er òg til stades.

Sted: Mule sykehjem, Mule 10B, Porsgrunn

Du kan rette førespurnader til helse- og omsorgsministeren til kommunikasjonsrådgivar Susanne Berg-Hansen på mobil 959 33 834 eller e-post susanne.berg-hansen@hod.dep.no