Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helseminister Bent Høie til Haugesund og Tysvær 26. mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bent Høie skal besøke Barne- og ungdomspsykiatri (BUP) Haugesund for å høyre om arbeidet med pakkeforløp for barn og unge med spiseforstyrringar. Han får i tillegg ei orientering om ACT-teamet som gir oppsøkande helsehjelp til personar med alvorlege psykiske lidingar. Statsråden skal også besøke Aksdal helsestasjon i Tysvær for å høyre om satsinga deira på lavterskeltilbod til barn og familiar.

Program:

Kl. 09.45 – 11.15: BUP Haugesund. Statsråden får ei orientering om pakkeforløp for barn og unge med spiseforstyrringar, som blei innført 15. februar i år. Helse Fonna "tjuvstarta" allereie hausten 2018 med å tilby pakkeforløp for desse pasientane. Dei har allereie nesten 90 unge pasientar inne i pakkeforløp. Pakkeforløpet skal gi eit meir føreseieleg og trygt tilbod, raskare behandling og bidra til at ungdom og pårørande får større medverknad på behandlinga. Høie vil møte behandlarar og representantar frå ungdomsrådet for å høyre om erfaringane så langt. Statsråden får også demonstrert korleis terapihund brukast i behandlinga.
Adresse: BUP Haugesund, Vinjes gate 10.

Kl. 11.45-12.45: BUP Haugesund. Statsråden får ei orientering om ACT-teamet. ACT er ei oppsøkande helseteneste til personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem som i liten grad oppsøker hjelpeapparatet sjølve. Teamet er eit samarbeid mellom Helse Fonna og Haugesund kommune. Modellen med ACT-team viser gode resultat med blant anna mindre bruk av tvang og ein sterk nedgang i talet på opphaldsdøgn i institusjon. Statsråden skal også vere med ACT-teamet på utebesøk. Utebesøket er ikkje ope for pressa.
Adresse: BUP Haugesund, Vinjes gate 10.

Kl. 13.15-14.15: Aksdal helsestasjon. Bent Høie får ei orientering om kommunen si satsing på førebyggande helsetenester til familiar og barn. Aksdal helsestasjon har mottatt tilskotsmiddel frå Helsedirektoratet som dei blant anna har brukt til å styrke jordmortilbodet. Bent Høie får ei omvising på helsestasjonen og skal treffe tilsette og brukarar.
Adresse: Aksdalsvegen 165, 5570 Aksdal, Tysvær.

Pressa er velkommen. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.