Hever inntektsgrensene for bidragsforskot

Frå 1. juli blir inntektsgrensene i forskoteringsordninga auka slik at forskotmottakarar som mista, eller fekk redusert forskotet som følgje av auken i den utvida barnetrygda 1. mars, vil få att retten til utbetaling av bidragsforskot.

Bidragsforskot er ei behovsprøvd ordning og utvida barnetrygd inngår som ein del av inntekta til den enkelte mottakaren. Nokre einslege forsørgjarar, som også får bidragsforskott, fekk derfor redusert eller avslutta utbetaling av bidragsforskott fordi den samla inntekta etter auken i utvida barnetrygd frå 1. mars, overskreid inntektsgrensene i ordninga. Denne typen konsekvensar kan skje for behovsprøvde ordningar.

– Regjeringspartia har prioritert å auke barnetrygda i statsbudsjettet for 2023 for å tryggja kvardagen for einslege forsørgjarar. Ved å heve inntektsgrensene for bidragsforskot, sørgjer me for at auken i utvida barnetrygd også kjem mottakarar av bidragsforskot til gode, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Regjeringa sitt forslag om å avvikle særfrådraget i skatt for einslege forsørgjarar og å auka utvida barnetrygda med eit tilsvarande beløp var meint å forenkla støtta til einslege forsørgjarar.

Den ytterlegare auken på 5.000 kroner frå budsjettforliket med SV, innebar noko ekstra til økonomien til einslege forsørgjarar i ei tid med høg pris- og kostnadsvekst.