Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

470 millionar kroner meir til Hordaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 470 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 470 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

1201 Bergen

202,5

1211 Etne

3,4

1216 Sveio

5,9

1219 Bømlo

9,6

1221 Stord

13,5

1222 Fitjar

2,1

1223 Tysnes

2,6

1224 Kvinnherad

10,1

1227 Jondal

1,1

1228 Odda

4,6

1231 Ullensvang

3,4

1232 Eidfjord

0,8

1233 Ulvik

0,9

1234 Granvin

0,7

1235 Voss

9,9

1238 Kvam

7,7

1241 Fusa

3,1

1242 Samnanger

2,1

1243 Os

16,9

1244 Austevoll

5,8

1245 Sund

5,0

1246 Fjell

19,0

1247 Askøy

23,4

1251 Vaksdal

2,8

1252 Modalen

0,8

1253 Osterøy

5,9

1256 Meland

7,1

1259 Øygarden

4,0

1260 Radøy

4,1

1263 Lindås

11,3

1264 Austrheim

2,2

1265 Fedje

0,7

1266 Masfjorden

1,9

Hordaland

394,9

 

Hordaland fylkeskommune

75,1

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.