Historisk arkiv

Høyring: Auka maksfart for rullestolar til 15 kilometer i timen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa vil gjere kvardagen enklare for folk. At rullestolbrukarane no får ein slik fartsauke er ønskt av brukarane, og vil gi dei auka livskvalitet. Samtidig må vi sørge for at det ikkje går utover trafikktryggleiken for andre trafikantar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

No sender Vegdirektoratet på oppdrag frå Samferdselsdepartementet på høyring forslag til regelverksendring, med sikte på å auke den maksimale tillate farten for rullestoler til 15 km/t.

I dag kan rullestolbrukarar køyre i 10 km/t. Med betre rullestolar vert rullestolar òg nytta andre stader i trafikken enn berre på fortau. Derfor ønsker regjeringa no å legge til rette for ei auke til 15 km/t.

Sjå høyringa på vegvesen.no