Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Høyring om bruken av åremålsstillingar i Utlendingsnemnda (UNE)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet har sendt på høyring forslag om å avvikle åremålsordningane i UNE. Etter utlendingslova vert nemndleiarane og direktøren tilsett på åremål for høvesvis åtte og seks år, sistnemnde med moglegheit for ei gjenoppnemning. Denne regelen vert no foreslått endra, slik at tenestemannlova sin hovudregel om faste stillingar vert gjeldande.

Departementet meiner det ikkje er tungtvegande argument for at direktøren og nemndleiarane i UNE – i motsetnad til liknande stillingar i til dømes Trygderetten og dei ordinære domstolane – skal sitje på åremål. Omsynet til uavhengigheit tilseier at ein bør gå bort frå åremålet. Avvikling av åremålsordninga for nemndleiarar vil dessutan ha positiv innverknad på nemnda si rekruttering, saksavvikling og verksemd elles.

Til toppen