Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 16

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 16.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 18. april
Kl. 12.30: Utanriksminister Brende er i Stortinget i samband med debatten etter utgreiinga om Afghanistan, representantforslag frå representantane Hareide, Ropstad, Bollestad og Eide om reform av utviklingspolitikken og ein interpellasjon frå representanten Elvestuen om Myanmar. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.00: Utanriksminister Brende er vert for ein arbeidsmiddag for Kosovo sin utanriksminister, Enver Hoxhaj. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 19. april
Kl. 12.30: Utanriksminister Brende møter Stortinget sin delegasjon til parlamentarikarforsamlinga i Europarådet (Pace). Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.00: Utanriksminister Brende held innlegg på Det amerikanske handelskammeret sitt årlege møte. Stad: Juridisk fakultet, Universitetet i Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 20. april
Kl. 11.00: Utanriksminister Brende deltek på lanseringa av Vegvalsmeldinga. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984.

Fredag 21. april
Kl. 10.30: Utanriksminister Brende deltek på lanseringa av regjeringa sin nordområdestrategi. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Stormen bibliotek, Bodø

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Tysdag 18. april
Kl. 12.00: EØS- og EU-ministeren held den halvårlege utgreiinga om viktige EU- og EØS-saker. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 14.30: EØS- og EU-ministeren møter administrerande direktør i NHO, Kristin Skogen Lund. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Onsdag 19. april
Kl. 10.00: EØS- og EU-ministeren deltek på Kunnskapsdepartementet sin konferanse om EU sitt neste forskings- og innovasjonsprogram. Stad: Aulaen, Universitetet i Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 12.30: EØS- og EU-ministeren held innlegg for Europa-studentar. Stad: Eilert Sundts hus, Universitetet i Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Fredag 21. april
Kl. 10.30: EØS- og EU-ministeren deltek på lanseringa av regjeringa sin nordområdestrategi. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Stormen bibliotek, Bodø

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Tysdag 20. april
Kl. 13.00: Statssekretær Marit Berger Røsland møter den irakiske parlamentarikaren Vian Dakhil og utanrikspolitisk talsmann for Kurdistan sitt demokratiske parti (KDP), Hoshyar Siwaily. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Onsdag 19. – laurdag 22. april
Statssekretær Tone Skogen deltek på vårmøtet i Verdsbanken. Stad: Washington D.C., USA

Sjå eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02