Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 28

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdpartementet i veke 28, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 10. - tysdag 11. juli
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen vitjar Melbu for å innleie på Melbukonferansen «Arktisk dialog - der folk bor». Stad: Melbu

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 12. juli
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen vitjar musikk- og kulturfestivalen Riddu Riddu. Stad: Manndalen, Kåfjord.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Daniel Sørdahl, mobil 992 50 336.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 10. juli
Kl. 10.00: Statssekretær Skogen møter ein delegasjon frå Keidanren, NHO sin søsterorganisasjon i Japan. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 11. juli
Statssekretær Skogen reiser til Wien for å delta på eit uformelt utanriksministermøte i OSSE. Stad: Wien, Austerrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 10. og tysdag 11. juli
Statssekretær Laila Bokhari reiser til London for å delta på Family Planning Summit. Stad: London

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.