Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 16

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 16, 2018.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Tysdag 17. april
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på «Shaping new realities - Stockholm Forum on Gender Equality» og opningsmiddagen for nordisk utanriksministermøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Stockholm

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801

Onsdag 18. april
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit nordisk utanriksministermøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Stockholm

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801

Torsdag 19. april
Kl. 16.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Ingibjørg Gisladottir, direktør for OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODHIR). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit arrangement om menneskerettar i regi av Nupi og OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODHIR). Stad:  Universitetet i Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Nikolai Astrup

Tysdag 17. april
Utviklingsminister Astrup er i London for utviklingspolitiske samtalar og middag med utanriksministrar frå SIDS-land (Small Island Developing States). Stad: London, Storbritannia

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Onsdag 18. – fredag 20. april
Utviklingsminister Astrup deltek på Verdsbankens vårmøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Washington, USA

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 16. – tysdag 17. april
Statssekretær Halvorsen deltek på bilaterale møte i Slovenia og Kosovo. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Ljubljana og Pristina

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 19. april
Statssekretær Halvorsen deltek på konferansen High North Dialogue 2018. Stad: Bodø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 20. april
Kl. 08.00: Statssekretær Halvorsen deltek på eit frukostmøte med Irans viseutanriksminister Seyed Abbas Araqchi. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen

Måndag 16. april
Kl. 16.30: Statssekretær Hagen deltek på eit debattmøte om Noregs humanitære innsats for menneske på flukt. Arrangør av møtet er Flyktninghjelpen. Stad: Mesh, Tordenskioldsgate 3, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 18. -  torsdag 19. april
Statssekretær Hagen deltek på designveka i Milano. Stad: Milano, Italia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Tysdag 17. april
Statssekretær Frølich Holte er i London saman med utviklingsministeren for utviklingspolitiske samtalar og middag med utanriksministrar frå SIDS-land (Small Island Developing States). Stad: London, Storbritannia

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Onsdag 18. – fredag 20. april
Statssekretær Frølich Holte deltek saman med utviklingsministeren på Verdsbankens vårmøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Washington, USA

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Til toppen