Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 35

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 35, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 26. august
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Irland for møte med lokale styresmakter. Stad: Dublin

Pressekontakt: Kjetil Elsebutangen (med på reisa), mobil +47 957 32 701

Tysdag 27. august
Kl. 18.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er vert for ei mottaking for FN-ambassadørar som har vore på studietur i Noreg. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 28. – torsdag 29. august
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på regjeringas budsjettkonferanse. Stad: Statsministerens kontor, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 30. august
Kl. 13.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter utanriksminister Mevlüt Çavuşoğlu frå Tyrkia. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Per Bardalen Wiggen, mobil: 915 58 486 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 26. august
Kl. 09.30: Utviklingsminister Ulstein møter Geir Haarde frå styret i Verdsbankgruppa. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på Måndagsforum. Her skal han mellom anna snakke om Noreg sine prioriteringar i arbeidet med å skape ei meir rettferdig verd. Stad: Tøyen kyrkje, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.30: Utviklingsminister Ulstein møter Olav Fykse Tveit, generalsekretær i Verdas kyrkjeråd. Tema er mellom anna moderne slaveri og sårbare grupper. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 27. august
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på lanseringa av State of the World Population Report (SWOP) frå FN sitt befolkningsfond. Stad: Nydalen vidaregåande skule, Oslo

Pressekontakt: Mari Bangstad, 414 40 871

Kl. 12.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på Norfund sin sommarkonferanse. Stad: Sentralen, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 28. – torsdag 29. august
Utviklingsminister Ulstein deltek på regjeringas budsjettkonferanse. Stad: Statsministerens kontor, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 30. august
Kl. 12.30: Utviklingsminister Ulstein deltek i valkampen. Stad: Ålesund 

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Gjermund Øystese, 993 60 014

Laurdag 31. august
Kl. 18.00: Utviklingsminister Ulstein deltek i nattevandring for FN sine bærekraftmål. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Sunniva Furset, 926 05 593

Statssekretær Audun Halvorsen 

Måndag 26. august
Kl. 09.30: Statssekretær Halvorsen held innlegg på Stortinget i samband med Det parlamentariske austersjøsamarbeidet (BSPC). Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00

Onsdag 29. august
Kl. 17.00: Statssekretær Halvorsen deltek på markeringa av at Fulbright-ordninga er 70 år. Stad: Nobelinstituttet, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 26. august
Kl. 12.00: Statssekretær Hagen held eit innlegg på det norsk-afrikanske seminaret «eID for growth and innovation». Seminaret vert arrangert i samband med besøk av ministeren for IKT og innovasjon frå Rwanda. Stad: Bjørvika, Robert Levins gate 5, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 26. august
Statssekretær Frølich Holte følgjer FN-ambassadørar som er på studietur til Noreg. Stad: Tromsø 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 29. august
Kl. 09.30: Statssekretær Frølich Holte held opningstalen på eit seminar om europeisk tryggingspolitikk. Seminaret vert arrangert av Europabevegelsen i samarbeid med Folk og Forsvar, Den Norske Atlanterhavskomité og Konrad Adenauer Stiftung. Stad: Felix konferansesenter, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Onsdag 28. - laurdag 31. august
Statssekretær Jakobsen er i  Japan 28. – 31. august. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Yokohama

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

 

Til toppen