Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 46

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2020.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 9. november
Kl. 09.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på den nasjonale 20-årsmarkeringa av FNs tryggingsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik med mellom anna utviklingsminister Ulstein, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, justisminister Monica Mæland og kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på eit seminar skipa til av Næringslivets sikkerheitsråd (NSR). Stad: Næringslivets hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 10. november
Kl. 15.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på ein digital presentasjon av eksporthandlingsplanen for utanriksstasjonane saman med næringsminister Iselin Nybø. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 11. november
Kl. 12.00: Utanriksminister Eriksen Søreide har eit telefonmøte med utanriksministeren i Jordan.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.00: Utanriksminister Eriksen Søreide har eit videomøte med Pramila Patten, FNs spesialrepresentant for seksuell vold i konflikt.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 9. november
Kl. 09.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på den nasjonale 20-årsmarkeringa av FNs tryggingsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik med mellom anna utanriksminister Ine Søreide Eriksen, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, justisminister Monica Mæland og kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 11.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på globalt nettverksmøte hjå Digni - «Global Consultation». Utviklingsministeren vil i innlegget sitt setje søkjelys på rettvis global fordeling av og tilgang til vaksiner, klima, mattryggleik og utdanning.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Tysdag 10. november
Kl. 12.00: Utviklingsminister Ulstein held innlegg på høgnivåmøte i regi av OECDs utviklingskomité (DAC). Tema er berekraftsmåla og effektiv og berekraftig respons på covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Onsdag 11. november
Kl. 09.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på den nasjonale berekraftskonferansen «Vegen mot 2030» med mellom anna statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 12.30: Utviklingsminister Ulstein held innlegg på Zerokonferansen i regi av miljøstiftinga Zero. Utviklingsministeren vil i sitt innlegg fokusere på regjeringa sitt arbeid for å leggje til rette for grøne investeringar i utviklingsland.Sjå meir på konferansens nettstad.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 17.00: Utviklingsminister Ulstein har ein videosamtale med den tyske utdannings- og forskingsministeren Anja Karliczek. Tema er «Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A)» og mobilisering av økonomisk støtte til kampen mot covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Torsdag 12. november
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på den virtuelle lanseringa av samarbeid mellom Den internasjonale teleunionen (ITU) og verksemda Cisco om digitale ferdigheiter i Ghana.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Statssekretær Marte Ziolkowski

Måndag 9. november
Kl. 10.00: Statssekretær Ziolkowski deltek på digitalt møte i eksportpanelet til regjeringa.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 11. november
Kl. 12.30: Statssekretær Ziolkowski har digitalt møte med mottakaren av Raftoprisen 2020, «Egyptian Commission for Rights and Freedoms».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Aksel Jakobsen

Måndag 9. november
Kl. 10.30: Statssekretær Jakobsen har ein videosamtale med Chris Elias, leiar av utviklingsfondet i Bill and Melinda Gates Foundation. Tema er «Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A)» og mobilisering av økonomisk støtte til kampen mot covid-19.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83