Presseinformasjon

Tvinnereim til Addis Abeba og Washington for å diskutere verdas matkrise

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim reiser komande veke til Etiopias hovudstad Addis Abeba for å delta på høgnivåmøtet i Den afrikanske union (AU) om mattryggleik og ernæring. Ho reiser vidare til  Washington for å delta på årsmøtet i Verdsbanken.

Både stader vert faren for auka svolt i verda eit viktig tema.

– Vi må jobbe saman for å avverje ei enda større matkrise. Neste vekes møte er nokre av dei viktigaste møteplassane for å diskutere og kome vidare i dette arbeidet, seier Tvinnereim.

Afrikanske land er store importørar av mat, og Russlands angrepskrig mot Ukraina har gjort det vanskelegare å få maten fram. Maten har også blitt dyrare. Dette kommer på toppen av verknadane frå klimaendringar, konfliktar og pandemien. På møtet vil medlemslanda i AU og deira partnarar, inkludert Noreg, diskutere den alvorlege humanitære situasjonen mellom anna på Afrikas horn, men også langsiktige løysingar, som  å auke produksjonen i afrikansk landbruk.

2022 er AUs år for mattryggleik og ernæring.

Møtet samlar afrikanske statsleiarar og ministrar, samt leiarar og ekspertar frå AU-kommisjonen og sub-regionale organisasjonar,  FN-system og andre organisasjonar. High Level Food Security Conference ved AU-hovedkvarteret i Addis Abeba 10. oktober vert arrangert av AU-kommisjonen,  i samarbeid med Raude Krossen/Raude Halvmåne-rørsla (IFRC), FNs ernærings- og landbruksorganisasjon FAO og Afrikabanken (AfDB).

- Førre veke møtte eg Afrika-bankens president Akinwumi Adesina i Oslo. No ser eg fram til å ha samtalar med fleire av dei afrikanske leiarane i Addis Abeba. Då kan eg ta med meg ferske innspel og inntrykk til årsmøtet i Verdsbanken, seier Tvinnereim.

Årsmøtet finn stad i USAs hovudstad frå 11.-14. oktober. Eit av hovudarrangementa blir ein rundebordsdiskusjon om Ukraina. Den vert opna av Ukrainas president  Volodymyr Zelensky og presidenten i Verdsbanken, David Malpass.

Andre viktige tema er mat- og energikrisa, klimafinansiering og læringstap som følgje av pandemien. Verdsbankens økonomiske analyser setter no søkelys på aukande gjeldskostnadar og fortsatt høg inflasjon, og åtvarar mot faren for ein global resesjon i 2023. Trendane rammer dei fattigaste hardast, og leiinga i banken uttrykker ei djup uro over dei langvarige konsekvensane for lavinntektsland. Ein skal halde fokus på land prega av sårbarheit, konflikt og vald, og det vert arrangert rundebordsdiskusjonar om Somalia og Afghanistan.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, 99 52 20 26