Historisk arkiv

Innbyggjarane i dei minste kommunane er meir nøgde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Rogalands Avis 23.02.2011.

- Demokratiutfordringa er altså større i store kommunar. Det er ei påminning til dei som snakkar seg varme om at store kommunar er best på alle område, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Rogaland Avis tek på leiarplass 22. februar på veg fordi eg har tillete meg å peike på at små kommunar kjem betre ut av ei undersøking om lokaldemokrati enn større kommunar.

Resultata er basert på svar frå 22 600 innbyggjarar og 2136 politikarar i 82 kommunar. Kommunal- og regionaldepartementet og KS står bak undersøkinga som Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo har gjennomført.

Sjølv om korkje kommunestorleik eller samanslåing var tema for spørsmåla, peikar fleire av svara i ei klår retning: Innbyggjarane i dei minste kommunane er meir nøgde med mulegheitene til å påverke kommunale avgjerder enn innbyggjarane i dei største kommunane. Dei stolar også meir på eigne politikarar, og dei meiner dei folkevalde tek meir omsyn til kva innbyggjarane meiner.

Demokratiutfordringa er altså større i store kommunar. Det er ei påminning til dei som snakkar seg varme om at store kommunar er best på alle område.

Dette heng saman med det viktigaste funnet i undersøkinga, nemleg at lokaldemokrati og nærleik til dei som styrar er viktigare enn dei tenestene kommunane leverer. Det kan ha å gjere med at nesten ni av ti innbyggjarar, uansett kommunestorleik, er godt nøgd med det kommunale tenestetilbodet.

Det er eit viktig innspel til den stortingsmeldinga om tilhøvet mellom kommune og stat som regjeringa no arbeider med. Lokaldemokratiet må ikkje forsvinne under ei bør av statlege direktiv og lovfesta rettar om velferdstenester. Me må sikre lokale folkevalde armslag. Innbyggjarane må kunne påverke. Det er både demokratisk og effektivt.

Kva som er rett kommunestruktur i Rogaland er slett ikkje fastlagt for alltid, slik RA, hevdar. Viss det er lokale ynskje om endringar, skal ikkje eg seie nei. Både eg, Senterpartiet og regjeringa er open for samanslåingar. Men utgangspunktet må vere frivillige prosessar og lokale initiativ. Også det er ein del av eit godt lokaldemokrati.