Innspelsmøte om etteradopsjonstiltak

Statsråden inviterer elleve adopsjonsorganisasjonar til innspelsmøte om etteradopsjonstiltak 2. juni 2022 kl. 09:30-11:30 i Akersgata 64 i Oslo, auditorium Hovedbølet. Møtet vil verte strøymt på regjeringa sine nettsider.

Tema for møtet er etteradopsjonstiltaka som Bufdir har føreslått i utgreiinga «Etteradopsjonstiltak til adopterte og familiene deres». Til grunn for dette ligg Folkehelseinstituttet sin rapport «Bedre føre var OG etter snar» og OsloMets rapport om utanlandsadopterte og rasisme: «Rasisme, diskriminering og tilhørighet blant utenlandsadopterte i Norge».

Adopterte og andre berørte har høve til å kome med skriftlege innspel. Send innspela til postmottak@bfd.dep.no, og skriv «Etteradopsjonstiltak» i emnefeltet. Vi ber om at innspela blir sendt til departementet innan 31. mai 2022.