Historisk arkiv

Internasjonal profilering av Nasjonale Turistvegar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

På det Internasjonale Transportforumet i Leipzig fekk Noreg høve til å promotere Nasjonale Turistvegar for over 50 land.

– Når temaet er "infrastruktur og turisme", er den norske satsinga på Nasjonale Turistvegar eit glitrande døme. Med flotte bunadskledde representantar frå Vegvesenet, og ei flott utstilling av Turistvegane under heile det internasjonale transportforumet, er dette ei flott promotering for om lag 1.000 representantar for transportministrar, myndigheiter og transportselskap frå alle delar av verda, seier statssekretær John-Ragnar Aarset (H).

Statssekretæren held innlegg under konferansen, der han fortel om bakgrunnen for satsinga.

– På byrjinga av 90-talet hadde vi nokre kloke hovud i Noreg. Folk frå Statens Vegvesen; ingeniørar, planleggjarar og folk som jobba på dei norske vegane, og var ein del av den storslåtte, norske naturen, byrja å tenke. Korleis kan dette gjerast betre tilgjengeleg for dei reisande? I samarbeid med det som i dag er Visit Norway, kommunar, fylke og lokalt reiseliv, har vi fått nye og fantastiske reiselivsprodukt, seier John-Ragnar Aarset.

– "Scenic roads" og "Romantische Strassen" har vi mange stader i verda, men dei norske turistvegane har blitt noko meir. Det handlar om spektakulære utsiktspunkt langs vegane, kunstnariske utsmykkingar, etablering av caféar og reiselivsbedrifter. Ein har avgrensa satsinga til 18 av dei flottaste vegane i landet, og held fast på at turen langs vegen skal vere ei samanhengande, flott oppleving. Høg kvalitet blir prioritert, framfor å ta fleire vegar inn i prosjektet, seier Aarset.

Nasjonale Turistvegar er eit prosjekt som går fram til 2023. Da skal vi ha bygd 250 installasjonar langs desse vegane. Etterkvart som prosjektet har skride fram, har suksessen vokse på seg. Lokalt reiseliv i distrikta byggjer nye tilbod rundt vegane og opplever auka merksemd og omsetnad. Her går samferdsel og turisme hand i hand og gir meirverdi.

– Vi har satsa på å bringe inn dyktige kunstnarar og arkitektar i utsmykkinga og arbeidet med installasjonar langs vegane. Om lag 70 personar har delteke i dette, og mange har opplevd at dette som eit karrieresprang. Ein har fått internasjonal merksemd i stort monn og vunne fleire prisar, seier Aarset.

– Når ein ser på bileta av den storslåtte norske naturen, er det klart at ein skal ikkje tulle med dette. Når ein byggjer installasjonar og kunst, må det halde eit høgt nivå. Det er lett å byggje simple og stygge utsiktspunkt. Vi har valt kvalitet, seier Aarset.

Statssekretæren kommenterer at mange han har møtt på konferansen seier at dei har vore i Oslo, og at Noreg er eit vakkert land.

– Når de ser på kartet og kor dei nasjonale turistvegane er, ser de at desse vegane oftast ligg i fjellområda, i Fjord-Noreg og i Nord Noreg. Ja, Oslo er ein pen hovudstad i vakre omgjevnader. Men nå skjønar de sikkert at det er mykje pent de ikkje har sett. Nå veit de kor de skal planleggje neste ferie, avsluttar han.