Historisk arkiv

Invitasjon til bruk av auka løyvingar til kollektivtransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statlege bidrag til kollektivsatsing er mangedobla dei siste tre åra. 2017 blir nok eit år med kraftfull satsing. No inviterer Samferdselsdepartementet åtte av dei største byane til å søke om ekstra pengar til tiltak. - Vi vil bidra til at folk flest får eit godt alternativ til privatbil i dei største byområda. Gjennom positive verkemiddel kan vi både gi folk ein betre reisekvardag og redusere køar og miljøbelastninga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

For 2017 er det løyvd 425 millionar kroner ekstra til Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk, som eit resultat av budsjettforliket hausten 2016. No inviterer Samferdselsdepartementet åtte byområde til å kome med forslag til korleis ein kan nytte pengane. 

Regjeringa og stortingsfleirtalet legg til rette for at trafikkauka i byane kan tas ved hjelp av kollektivtransport, sykkel og gonge. Gode kollektivløysingar for dei store byane er difor avgjerande for å nå dette målet. Med 425 millionar kroner i auka løyvingar til Belønningsordninga etter budsjettforliket, sørger vi for framleis sterk satsing på feltet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei åtte byområda som kan søke er Oslo/Akershus, Bergen, Nord-Jæren, Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma, Grenland og Tromsø. Trondheim har allereie ein bymiljøavtale med belønningsmiddel inkludert, og er tildelt 41 millionar kroner ekstra i budsjettforliket.

Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk skal stimulere til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. Belønningsmidla vil på sikt bli ein del av bymiljø-/byvekstavtalar med desse ni byområda.

Pengane skal nyttast lokalt, derfor er det viktig at byområda sjølv søker. Dei veit best korleis kvar krone kan nyttast på ein måte som bidreg til nullvekst i personbiltrafikken, seier Solvik-Olsen.