Irakiske statsborgarar har fått klargjort identiteten sin

Ventetida for irakiske statsborgarar er over. Identitetsavklarings-programmet er endeleg gjennomført.

Arbeids- og inkluderingsminister mottok blomster under markering for avslutning av identitetsavklaringsprogrammet
Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen tok imot blomster under markering for avslutning av identitetsavklaringsprogrammet. Her på bilete saman med Sirwan Nori (i midten) og Taha Ahmed. Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Det har vore ei stor påkjenning for dei som har måtte leva med den uvissa dei har gjennom mange år. Derfor er det er stor glede at me no kan seia at så godt som alle personane er verifiserte, og at identifiseringsavklaringa endeleg er avslutta, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Statsråden inviterte fleire av deltakarane, NOAS og politikarar til ei markering i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Etter forslag frå Arbeidarpartiet vart identitetsavklaringsprogrammet for irakarar i Noreg sett i gong av Stortinget. Framdrifta var lenge låg, mellom anna på grunn av pandemien og ein tidskrevjande verifiseringsprosedyre.

– Det var viktig for meg å få fortgang i identifiseringsarbeidet, slik at deltakarane skulle bli registrert med rett identitet og får høve til å bli norske statsborgarar. Derfor lova eg i november i fjor at me skulle ha ei avklaring for dei fleste i første halvår i år. Det har me i stor grad klart, seier Persen.

Dei aller fleste som har venta på avklaring er no verifiserte. Det står att å få verifisert identiteten til 8 deltakarar.

– Målet er at dei fleste skal få ei avklaring så snart som mogleg, seier arbeids- og inkluderingsministeren .