Historisk arkiv

Jordbruksinntektene auka frå 2013 til 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I dag legg NIBIO fram status for bondens økonomi. Etter eit svakt økonomisk resultat i 2013, auka jordbruksinntektene med 13 prosent frå 2013 til 2014. Det gode resultatet kan i hovudsak forklarast med vêr og vind.

Mest framgang hadde driftsformene med korn etter eit svært svakt år i 2013. Jordbruksinntektene for kornproduksjon vart tredobla til kr 311 500 per årsverk.

Investeringsnivået er framleis høgt. Gjelda auka i fjor med åtte prosent per bruk. Tendensen er at det er dei store bruka som investerer i driftsbygg. Investeringsnivået i jordbruket er framleis høgt, trass i 35 prosent nedgang frå toppåret i 2013. 

Økonomien til gardbrukarfamilien

Driftsgranskingane skal gje eit representativt bilete av kva gardbrukarfamilien har å rutte med.

I 2014 hadde ein familie som bur på gard ein inntektsauke på ti prosent, og fekk i snitt utbetalt ei nettoinntekt på 872 500 kroner. Av dette kjem 38 prosent frå anna arbeid som ikkje har tilknyting til garden.

I nettoinntekt inngår alle inntekter familien har, både i og utanfor garden, inkludert frådrag av gjeldsrenter og kår. I fjor sto jordbruket for 41 prosent av inntekta. Det er ein auke på 2 prosentpoeng.

Jordbruksinntektene har auka med 13 prosent frå 2013 til 2014. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Grunnlag for landbrukspolitikken

NIBIO utfører driftsgranskingane som eit forvaltningsoppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Resultata utgjer eit viktig grunnlag for landbrukspolitikken og jordbruksforhandlingane. Granskingane kan forklare samanhengar, til dømes kva for effekt politiske verkemiddel har på økonomien til bonden. Dei første driftsgranskingane vart gjennomførte av Noregs Vel i 1911. Målet var å kartlegge økonomiske tilhøve i landbruket.  

Tilbyr analyse av gardsdrifta

912 garder fordelt over heile landet bidreg med rekneskapstal. Gardane er av ulik storleik og produserer forskjellige ting, men skal ha omsetning på minimum 150 000 kroner på jordbruksprodukt for å vere aktuelle til driftsgranskingane.