Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement utvida

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement skal behandle klagar knytt til stimulerings- og kompensasjonsordningane for kultursektoren, som er etablert som ein konsekvens av covid-19-pandemien.

Klagenemnda ble oppretta og oppnemnt av Kulturdepartementet i desember 2020. Departementet utvidar no klagenemnda med to medlemmar for å styrkje nemndas kapasitet.

Medlemmane av den utvida klagenemnda er:

  • Leiar: Tore Lunde, professor (Bergen)
  • Medlem: Kiran Aziz, senioranalytikar (Oslo)
  • Medlem: Daniel Nordgård, fyrsteamanuensis (Kristiansand)
  • Medlem: Anne Margrete Fiskvik, professor (Trondheim)
  • Medlem: BDO v. Morten Thuve, partnar/revisor (Oslo) Ny
  • Medlem: Elin Melberg, kunstnar/kurator/produsent (Stavanger) Ny

 

  • Vara: Kristina Stenvik, stipendiat (Oslo)
  • Vara: Dag Aak Sveinar, direktør (Moss) Ny

Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement er knytt til Klagenemndssekretariatet i Bergen. Nemnda er uavhengig.

– Klagenemnda utgjer eit viktig ledd i forvaltninga av stimulerings- og kompensasjonsordningane for kultursektoren. Nå styrkjer vi nemndas kapasitet, slik at klagebehandlinga skal kunne gå raskare. Eg ynskjer både nye og gamle medlemmar lykke til i dette arbeidet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.