Historisk arkiv

Klimapolitikk for landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Tale til Noregs Bondelag sin leiarkonferanse 19. september 2018.

Hei, alle saman, og takk for at eg fekk kome.

Eg kjem frå Jølster i Sogn og Fjordane. Eigentleg er eg lærarutdanna, men eg har gjort mykje ulikt, mellom anna vore statssekretær i Justisdepartementet og Samferdselsdepartementet under sentrumsregjeringa på 90-talet.

Mest relevant i denne forsamlinga er det kanskje at eg har arbeidd eit par år på fylkeslandbrukskontoret i Sogn og Fjordane. Og så eig eg skog i bratt terreng heime i Jølster.

Så eg kjenner landbruket godt og er glad for å vere til stades her saman med dykk.

Korleis tek landbruket omsyn til klimarisiko? Og korleis kan vi politikarar syte for gode rammevilkår?

KLIMA OG MILJØ

Vi har nyleg lagt bak oss den varmaste sommaren i manns minne. Ikkje berre i Noreg, men i nabolanda våre også. Det veit denne forsamlinga alt om.

Månadstemperaturen i juli låg 4,3 gradar over normalen. Fleire peiker på klimaendringane som årsak til dei mange ekstreme rekordane.

Norske bønder har diverre opplevd tørke, flaum, ausregn og ekstremvind dei siste åra. Klimaendringane gjev landbruket vesentlege utfordringar i heile verda. Lågare  matproduksjon og svekte økosystem er resultatet.

Samstundes vil folketalet i verda auke til 9 milliardar innan 2050.

Alle skal ha mat, bustad og klede.

Det betyr aukande press på areal, natur og ressursar. Difor må vi gjere kva vi kan for å avgrense klimaendringane. Landbruket må bidra til dette, samstundes med at matproduksjonen blir auka.

 Klimaendringane stiller landbruket overfor to hovud-utfordringar:

  • Korleis kan klimaendringane motverkast gjennom å redusere utsleppa, auke opptaket og lagre karbon?
  • Korleis kan vi produsere mat under endra klima ved å tilpasse oss til dei klimaendringane som uansett kjem?

KLIMAMÅL

I 2015 fekk vi Parisavtalen – der nesten alle verdas land vart einige om å halde oppvarminga til godt under to grader og helst 1,5 grader.

For å klare dette, set avtalen opp eit kollektivt utsleppsmål. Dei globale klimagassutsleppa skal slutte å stige så raskt som mogleg og deretter bli reduserte raskt.

I andre halvdelen av dette hundreåret skal det vere balanse mellom menneskeskapte utslepp og opptak av klimagassar.

Parisavtalen bind alle land til å levere nye og meir ambisiøse bidrag kvart femte år.

Avtalen viser også til at det er viktig å ta vare på lagra av karbon og styrkje desse. Det er til dømes skog.  Avtalen framhevar òg at det er viktig å sikre god tilstand i økosystema og å ta vare på naturmangfaldet. Tilpassing og klimatiltak skal ikkje setje matproduksjonen i fare. Det er fotosyntesen vi lever av!

NORSK KLIMAPOLITIKK

Den norske klimapolitikken er basert på tre viktige punkt:

  • For det første skal vi kutte utslepp heime,
  • For det andre gjennomføre tiltak som bidreg til vesentlege kutt
  • For det tredje skal vi omstille norsk økonomi for å skape vekst og nye arbeidsplassar.

 

I 2016 var dei samla utsleppa i Noreg på drygt 53 millionar tonn CO2. Rundt 10 tonn per innbyggjar. Fram mot 2030 må vi særleg kutte utslepp i transport, jordbruk og oppvarming av bygg. Det som gjerne blir kalla for ikkje-kvotepliktig sektor.

Fram til 2030 skal Noreg kutte utsleppa med 40 prosent.

Vi har tre hovudverkemiddel: Avgifter, reguleringar og stimulansar.

80 prosent av utsleppa våre er dekt av karbonprising. Hensikta er å gjere forureining dyrare og miljøvennleg åtferd billigare. Det har ført til at utsleppa våre er lågare enn dei elles ville ha vore. Dette er eit verkemiddel vi vil føre vidare i framtida.

Vi har og ei omfattande miljølovgjeving. Frå 1. januar har Noreg ei eiga klimalov. Der er det lovfesta at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050 med 80 prosent kutt samanlikna med 1990. Vi har aldri tidlegare hatt eit like forpliktande mål.

Stimulansar har vi også mange av – ulike støtteordningar som skal stimulere til ny teknologi og meir effektiv energibruk. Gjennom Enova gjev vi kvart år over 2 milliardar kroner til slike tiltak. I jordbruket er det fleire ordningar som skal redusere utsleppa.

 

Kva betyr klimapolitikken konkret for jordbruket?

Vi arbeider for å inngå ein avtale med EU om felles gjennomføring av forpliktinga i Parisavtalen.  EU kling ikkje alltid like godt i bondeforsamlingar. Difor vil eg understreke at det er Noreg som bestemmer politikken, sjølv om EU gjev rammene.

Måla for norsk landbruk ligg fast: Mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping, og eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Regjeringa har som dykk veit invitert jordbruket sine organisasjonar til eit partssamansett arbeid. Det overordna målet er ei politisk avtale om kor mykje jordbruks­sektoren skal redusere sine klimagassutslepp fram mot 2030.

Regjeringa ynskjer at jordbruket forpliktar seg til eit konkret red­uksjons­mål. Samstundes vil næringa  ha fleksibilitet når det gjeld tiltak.

Jord­bruket kan få godskrive nokre av dei kutta dei gjennomfører som blir rekna inn i andre sektorer i klimagassrekneskapen, til dømes i transport, areal og byggsektoren. Tek­nisk berek­nings­utval for klimagassutslepp i jordbruket har dei same rammene for sitt arbeid.

Eg ser verkeleg fram mot å sjå resultata av arbeidet til denne gruppa.

Den viktige rolla til jordbruket

Jordbruket står for ca. 4,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar eller ca. 8 prosent av norske klimagassutslepp. Jordbruket er dermed den nest største utsleppskjelda i ikkje-kvotepliktig sektor, etter transport.

Utsleppa frå jordbruket er reduserte med om lag 5 prosent sidan 1990. Det er veldig bra. Men dei siste åra har utsleppa auka. Trenden er derfor ikkje god.

Landbruket er ein viktig bidragsyter i det grøne skiftet, både gjennom binding av karbon og produksjon av fornybar, biobasert energi, som vi gjerne kallar ved,  og drivstoff  – biogass og avansert biodrivstoff.

Samtidig må landbruket redusere klimagassutsleppa.

Målet er å produsere nok mat på ein effektiv og berekraftig måte som gjev lågast mogleg klimautslepp. Regjeringa vil derfor gje insentiv til mindre utslepp og nødvendige klimatiltak i landbruket. Blant anna skal klimaomsyn få større vekt i jordbruksoppgjera.

FNs klimakonvensjon og Noregs oppfølging 

Jordbruk var over fleire år eit tema med manglande framgang i dei globale klimaforhandlingane. Dette har snudd. På partsmøtet under Klimakonvensjonen i fjor vart landa einige om eit arbeidsprogram på jordbruk.

Dette er eit stort gjennombrot, og eit klart signal om at landa ønskjer å adressere klima i jordbrukssektoren. Noreg har deltatt i forhandlingane og gjeve konkrete innspel. På eit forhandlingsmøte i mai i år vart landa einige om eit veikart med møte og tema for å drive arbeidet framover.

Aktivitetane omfatta blant anna klimatilpassing, auka karbonlagring i jord, betre utnyting av næringsstoffa og handtering av husdyrgjødsel.

 

Regjeringas forhandlingar med EU

I forhandlingane med EU håpar vi å bli einige om hovudprinsippa for korleis Noreg og EU saman skal nå utsleppsmåla for 2030, før klimatoppmøtet i Katowice.

Klimarammeverket til EU for 2030 består av tre pilarar som Noreg vil vere ein del av:

  • Kvotesystemet til EU. Dette regelverket setter tak på utsleppa frå industri, kraftproduksjon, petroleum og luftfart. Taket skal senkast fram mot 2030. Noreg er allereie med i EUs kvotesystem.
  • Forordninga om innsatsfordelinga. Den skal sørge for at EU kutter sine ikkje-kvotepliktige utslepp (transport, jordbruk, avfall, bygg, og ikkje-kvotepliktige delar av industri og petroleum) med 30 prosent frå 2005 til 2030.
  • Regelverk om bokføring av utslepp og opptak av CO2 i skog og andre landareal. Regelverket seier korleis utslepp og opptak i skog og andre landareal skal reknast. Det skal være netto null utslepp frå disse areala, perioden 2021-2030 sett under eitt.

Noreg vil også måtte rapportere på korleis vi ligger an til å nå utsleppsmålet.

Eg skal gå litt meir inn på skogregelverket. EU vart einige om regelverket før jul i fjor. Regjeringa held no på å klargjere kva det vil innebere for Noreg.

Skogregelverket er jo eit regelverk for korleis utslepp og opptak skal bokførast. Og for den forvalta skogen – altså den skogen vi høgg og plantar igjen – skal alle landa lage ei referansebane. Ei referansebane seier mellom anna kor mykje skog eit land kan hogge før det blir rekna som eit utslepp.

Det er eit handlingsrom for å fastsetje referansebanen som Noreg aktivt vil utnytte. I tillegg har EU blitt einige om ei kompensasjonsordning. Kompensasjonen gjev rom for å auke hogsten utan at det reknast som utslepp.

Regjeringa vil sørge for at Noreg får ein kompensasjon som reflekterer at Noreg er eit viktig skogland, med dei forholda som særpregar skogbruket vårt.

Nokon har vore redd for at EU-reglane betyr slutten for norsk skogbruk. Det er sjølvsagt ikkje tilfelle. Vi vil følgje opp vedteke skogpolitikk: Leggje til rette for å skape verdiar av norske skogressursar og fortsette å leggje til rette for frivillig vern av skog – i tråd med måla som Stortinget har sett.

I tillegg er avtaleform eit viktig tema for Noreg i forhandlingane. For Noreg er det viktig at felles oppfylling ikkje bind oss til anna samarbeid med EU enn det som gjeld sjølve utsleppsmålet for 2030. Ei mogleg løysning er at vi inkluderer regelverket i protokoll 31. Då vil avtalen være avgrensa til utsleppsmålet for 2030, samtidig som det vil være like forpliktande for oss.

Eg kan ikkje få understreka nok at det er EU som gjev rammene, men at det er Noreg som bestemmer politikken. Det gjeld jordbrukspolitikken, og det gjeld òg skog- og arealbrukspolitikken.

EU fordeler ansvaret for klimakutt mellom landa og let landa samarbeide om kutt om dei ynskjer det.

Noreg bestemmer altså eigen klimapolitikk. Vi må oppfylle utsleppsmålet, men EU bestemmer ikkje korleis vi oppfyller målet. EU vil heller ikkje hindre oss i å eventuelt over-oppfylle målet.

Det er fleksibilitetsmekanismar som Noreg vil kunne nytte seg av på lik linje med andre land. Samstundes skal Noreg bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050, og dette vil krevje omstilling også her.

Vi er i god gang med dialogen med EU om ei avtale om å oppfylle utsleppsmålet for 2030 saman. Vi har god kontakt med dei og har ambisjon om å avklare hovudprinsippa i ei avtale innan klimatoppmøtet i desember i år. Regjeringa vil utarbeide ein plan for å oppfylle Noregs klimaforpliktingar når vi har landa ei avtale med EU. Vi vil bruke moglegheita for å samarbeide med andre land, men har samtidig ambisjon om å ta så mykje som mogleg av forpliktinga nasjonalt.

Det var ein smakebit på klimapolitikk for jordbruket. Eg høyrer gjerne frå dykk dersom de har spørsmål og innspel.

Eg ønskjer dykk alle lukke til vidare med gode diskusjonar!