Kommunane har stor fridom til å omdisponere frå byggeområde til matjord

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Det skal svært mykje til for at ein kommune blir erstatningsansvarleg dersom ein endrar eit arealformål frå byggeområde til matjord. – Å ta vare på matjorda er ei svært viktig oppgåve for lokaldemokratiet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I eit brev til kommunane og fylkeskommunane 23. mars i år framheva landbruks- og matminister Sandra Borch og dåverande kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram viktigheita av at kommunane følgjer opp den nasjonale jordvernstrategien og tar vare på matjorda. Eit av grepa som kommunane kan ta er å endre arealformålet for eit område frå byggeområde til LNFR-formål. Departementet har motteke spørsmål frå både kommunar og frå Stortinget om kva handlefridom kommunane har i slike saker.

- Det er kommunen som er planstyresmakt og som gjennom dette kan setje av areal til landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsformål (LNFR) i arealplanane sine for å ta vare på matjorda, seier Gjelsvik.

Den klare hovudregelen er at ein kommune ikkje pliktar å betale erstatning når kommunen endrar arealformålet for eit område frå byggjeområde til LNFR-formål.

- Der det er teke eit sakleg og forsvarleg planomsyn, ligg val mellom ulike arealbruksformål til det lokalpolitiske skjønet. Eit ønskje om å ta vare på matjorda vil normalt vere eit slikt sakleg omsyn, seier Gjelsvik.

Det skal óg svært mykje til før kommunen blir erstatningsansvarleg for faktiske utgifter ein utbyggjar har hatt for å utvikle eit byggjeprosjekt i eit område, som kommunen seinare endrar til LNFR-formål. Dette spørsmålet vert særleg aktuelt ved privat reguleringsplan. Endring av arealformål frå byggeområde til LNFR-formål vil normalt ikkje i seg sjølv medføre erstatningsansvar for kommunen.

Sjå skriftlig spørsmål frå Rasmus Hansson (MDG), Stortinget, og svaret frå kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).