Forsida

Presseinvitasjon:

Kommunetalen blir halden på Radisson Blu Plaza Hotel i Oslo torsdag 26. januar

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol held kommunetalen sin på Radisson Blu Plaza Hotel, torsdag 26. januar kl. 10.00.

Den årlege kommunetalen blir halden på KS si nasjonale helsekonferanse 2023 (ks.no).

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol vil presentere forventingane sine til dei kommunale helse- og omsorgstenestene for 2023.

Kommunetalen blir halden i Sonja Henie-salen på Radisson Blu Plaza Hotel. Adresse: Sonja Henies plass 3, 0134 Oslo.  

Intervjuar etter talen

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol er tilgjengeleg for digitale og fysiske intervjuar etter talen.

Journalistar som ønsker intervju, må melde seg på til Mattis Dahl Åmotsbakken innan onsdag 25. januar kl. 15.00.