Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning

Tysdag 16. januar 2024 inviterer statsråd Sandra Borch til den årlege Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning: «Ti år framover – rolla til kunnskapssektoren».

Nett-tv Kontaktkonferansen 2024

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Her møter statsråden leiarar ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta for å diskutere utviklinga av forsking og høgare utdanning i Noreg.

Vi står overfor store, akselererande samfunnsutfordringar. Vi står midt i eit gjennomgripande teknologiskifte. Vi står i ein ny geopolitisk situasjon. Vi manglar kompetanse og folk innan kritiske yrke. Samstundes skal Noreg gjennom den største omstillinga av økonomien i moderne tid. Korleis kan forsking og høgare utdanning ruste Noreg til å møte desse utfordringane?

Det blir moglegheiter for intervju. Journalistar bør melde seg på seinast dagen før. Du melder deg på ved å sende ein e-post til kommunikasjonsrådgjevar Benedicte Sørum (benedicte.sorum@kd.dep.no) tlf. 92 01 77 86.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.