Kontaktkonferansen 2016:

Kvalitet i høgre utdanning

Dette innhaldet er meir enn 4 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer visjonane sine for høgre utdanning og forsking på kontaktkonferansen tysdag. Det sentrale temaet er kvalitet, og særleg arbeidet med stortingsmeldinga om kvalitet i høgre utdanning.

Kontaktkonferansen er en årleg møtestad mellom Kunnskapsdepartementet og universitets- og høgskolesektoren. Sentrale aktørar vil delta med innlegg og i diskusjonar. Sjå vedlagte program for detaljar.

Det vil berre bli høve til å intervjue kunnskapsministeren i pausen 10.45–11.05. Vi ber journalistar som ønskjer intervju, om å kontakte kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen, tlf.: 99 23 90 83, e-post: [email protected].

Det er ikkje nødvendig med akkreditering, men journalistar og fotografar som vil inn på konferansen, må vise pressekort ved inngangen.

Stad: Universitets aula, Karl Johans gate 47, Oslo.

Tid: Tysdag 12. januar klokken 09.30–17.00.

Program - Kontaktkonferansen 2016.pdf

Nett-tv Kontaktkonferansen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Vi ber medium som ønskjer avtale om publiseringspunkt, om å kontakte DSS, service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, på 22 24 00 00 eller [email protected].