Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren og helseministeren

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Invitasjon til pressekonferanse i morgon, fredag 4. september klokka 1400, med justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Nett-tv Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren og helseministeren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Helsedirektør Bjørn Guldvog og fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet vil også vere til stades.

Pressekonferansen overførast direkte på regjeringa.no.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.

Oppmøtetid: Kl. 1345. Ta med gyldig pressekort og ID.

Presse som ikkje har anledning til å møte opp kan sende inn spørsmål til JDinfo@jd.dep.no med teksten PK 0409 i emnefeltet.

Spørsmål må vere oss i hende seinast klokka 1415. Avsenderadressa må være registrert hos eit mediehus eller det må oppgis frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte i pressekonferansen.

Pressekontaktar

For justis- og beredskapsministeren:
Kommunikasjonssjef Trude Larstad, 936 67 742.

For helse- og omsorgsministeren:
Kommunikasjonsrådgjevar Per Aubrey Tenden, 900 91 062.

Om sendinga

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastas ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette nås på telefon 22248845 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/xbpcnkps/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.