Historisk arkiv

Kulturarv som ressurs i samfunnsutviklinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statsekretær Sveinung Rotevatn tale til Riksantikvarens haustmøte. 12.desember 2019.

Kjære haustmøte!

Eg er glad for å sjå så mange her i dag – Riksantikvarens haustmøte er den viktigaste møteplassen for kulturminneforvaltninga i Noreg.

Kulturarv som ressurs i samfunnsutviklinga er å forklare det openberre. Kulturarv er grunnlaget for sivilisasjon og kulturminna er dens materielle utrykk.

Nasjonens minne bind menneske saman i tid og rom. Kulturarven er ei kjelde og nøkkel til fortida, og eit kompass for framtida. Historiske kjelder som vi ikkje alltid veit nytten av i dag, skal vi bringe vidare til etterkommarane våra til undring, oppleving, irritasjon, glede og nytte.

Rundt 1900 var den største utfordringa å skape ein nasjon. Den største utfordringa i vår tid er klimakrisa. Nasjonsbyggjarane såg etter nasjonale symbol i vår bygningsarv samtidig som dei reiv og bygde nye monument.

I dag bør vi avgrense monumentbygginga og heller la bygningar stå. Gjenbruk av eksisterande bygningar reduserer belastinga på klima og miljø. Slik kan kulturminne i ein brei forstand bidra til å redusere vår tids belasting på kloden.

Regionreform

Formålet med regionreformen er å få større og meir funksjonelle fylkeskommunar. Det vil styrke både lokaldemokratiet og vekstkrafta. Det legg grunnlaget for betra samarbeid med andre regionale aktørar og ei styrkt samfunnsutvikling.

Større fylkeskommunar kan fremme innbyggaranes og næringslivets interesser overfor nasjonale styresmakter.

Større fylkeskommunar har større kapasitet og kompetanse i oppgåveløysinga, og gir stordriftsfordelar og frigjer ressursar til tenesteproduksjon.

Kulturminneforvaltinga og regionreformen

Overføring av fleire oppgåver på kulturminneområdet har vore ønskt av fylkeskommunane. Eg håper fylkeskommunane vil prioritere kulturminne og kulturminneforvalting som ein ressurs i den styrkte samfunnsutviklarrolla dei skal få ved regionreformen.

Myndigheita blir overført frå 1.1.2020, men i ein overgangsperiode vil fylkeskommunen trenga rettleiing og oppfølging frå Riksantikvaren. Dette er årsaka til at reduksjonen hos Riksantikvaren skjer gradvis over tre år.

I samband med dette blir det gjort ei rammeoverføring på 10 millionar kroner frå Klima- og miljødepartementets/Riksantikvarens budsjett til inntektssystemet for fylkeskommunane. Dette er berekna å utgjere ein reduksjon på 10 stillingar hos Riksantikvaren over tre år.

Beløpet frå Riksantikvarens budsjett er lagt inn i rammetilskotet og i praksis likt fordelt mellom fylka per innbyggar, då det ikkje er nokon eigen kostnadsnøkkel for kulturminne. Fordelinga speglar med andre ord ikkje talet på kulturminne i dei nye fylka.

For alle oppgåveoverføringar vil det vere slik at fordeling av midla ikkje nødvendigvis vil samsvare fullstendig med behovet til den enkelte fylkeskommunen.

Fylkeskommunane får i all hovudsak midla sinegjennom dei frie inntektene. I sum og over tid vil dette jamneseg ut. Fylkeskommunane kan òg sjølv vurdere og prioritereressursar innanfor dei ulike fagområda innanfor gjeldande regelverk.

Vi vil følgja utviklinga nøye, noko som m.a. skjer i form av ein følge-evaluering som startar første dag, og gi Stortinget tilbakemelding om resultata av reforma i dei årlege budsjettproposisjonane.

Eg kjenner fagfolka i regional kulturminneforvalting som kompetente og dugelege, og har stor tiltru til at dei vil gjere ein god jobb i prioriteringane og handteringa av dei nye oppgåvene.

Det fylkeskommunale sakskartet innheld både museum, vegar, skuler, næring og samfunnsplanlegging. Innanfor alle desse fagområda er det grøne skifte nødvendig og forvaltning av kulturminne nødvendig.

Vi har stor tillit til at regionane sitt tverrfaglege blikk vil løfte forvaltninga av kulturarvenog gjere den relevant i samfunnsutviklinga.

 

  1. Kulturarv som del av det grøne skiftet

Klimautfordringa vil påverke all offentleg og privat verksemd i Noreg i dei nest tiåra. Det grøne skiftet vil påverke tenkinga om kulturarv og med dette fylkeskommunens verksemd. Den grøne skiftet er ein del av samfunnsutviklar-rolla.

Innan 2030 skal viktige mål for utsleppskutta i Noreg vere gjennomført. Det betyr at vi må prioritere tiltak som reduserer utslepp raskast mogleg. Det er ikkje sikkert at det alltid er best å velje nybygg når gevinsten først kjem langt inn i framtida (om 50 år). Korleis vi handterer eksisterande bygningsmasse vil derfor vere ein viktig del av løysinga for å nå utsleppmåla vi har i 2030.

Det er førebels få studiar av klimagevinsten ved riving kontra nybygg. (Riksantikvaren har fått laga ein studie av riving av ein mindre uisolert einebustad i tre. Han viser at det tar 52 år før det er meir klimavennleg å bygge nytt.)

Det finst òg ein studie av Rådhuset i Bergen. Det er ein betongkonstruksjon. Studien viser ein reduksjon på 31 %  i klimagassutslepp for rehabilitering i forhold til nybygg med ei levetid på 60 år. Klimagassutslepp berre frå byggemateriale blir redusert med 73 %. Dette kjem av ein signifikant reduksjon i materialbruk samanlikna med nybygg. Store tunge bygningsdelar som grunn, fundament og bæresystem i armert betong, blir behaldne og materialforbruket blir redusert betrakteleg.

Det er stor rørsle i byggebransjen mot ei grønare framtid. Asplan Viak har nyleg, på oppdrag frå Byggenæringas landsforeining, berekna årlege klimagassutslepp frå bygg, anlegg og eigedomssektoren (BAE) i Noreg. Globalt har ein tidlegare rekna med at byggenæringa står for 40 prosent av utsleppa, i Noreg cirka 15 prosent.

Energibruken er høg i denne bransjen, men utsleppa blir relativt mindre fordi fornybar vasskraft utgjer ein stor del. Utsleppa går ned, mellom anna på grunn av utfasing av fossilt brensel i bygningar.

Byggevarer utgjer cirka ein firedel av klimagassutsleppa frå byggenæringa. Verd å leggje merkte til er òg at import utgjer heile 44 prosent av dei totale utsleppa frå næringa.

Eg er glad for at byggenæringa òg i stadig større grad vektlegg det grøne skiftet og verdien av bygningsarven.

Grøn byggallianse er eit samarbeid mellom private og offentlege byggherrar og entreprenørar. Dei utarbeider òg viktige strategidokument og rettleiingar der verdien av eksisterande bygningar og bymiljø er lagt vekt på. Til dømes: "Gode bygg og område for helse, miljø og lommebok" frå 2018 og "Handbok i berekraftig stadutvikling" frå i år.

Grøn byggallianse gjer òg eit viktig arbeid med å utvikle eit verktøy for miljøklassifisering, såkalla BREEAM NOR. BREEAM-NOR er frivillig, men vart raskt tatt i bruk. No er det fleire og fleire som sertifiserer eksisterande bygningar.

Riksantikvaren har bestilt ein større metastudie som vil gi meir og breiare data. Studien vil ta for seg bygningar der det er krav om ulike grader av bevaring. Det vil finnast ved utgangen av 2019. Det vil gi oss eit betre verktøy for heilskaplege klimaanalysar av alt frå energibruk til arealeffektivitet.

FutureBuilt er eit samarbeid mellom kommunane Oslo, Bærum, Asker og Drammen, og statlege etatar. Dei bygger ambisiøse forbildeprosjekt. Dei har no òg lansert "Kriterium for sirkulære bygg", og jamvel starta eit pilotprosjekt basert på gjenbruksmaterial.

Fleire og fleire får auga opp for verdiane ved å ta vare på eksisterande bygg framfor å rive og bygge nytt. I arbeid med rekneskap for klimagassutslepp og livsløpsanalysar ser ein at materialbruk har vore for lite vektlagt. Det kan forstyrre miljørekneskapa når ein samanliknar nybygg med vern/bevaring.

Skal vi lykkast med det grøne skiftet må vi samarbeide – på tvers av fag, sektorar og forvaltingsnivå. Medverknad og lokal forankring er heilt avgjerande når det gjeld planlegging og stadsutvikling.

 

  1. Staten som pådrivar og støttespelar

Kommunane og fylkeskommunane har ei leiande rolle i utviklinga av landet vårt!

I dei nye nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging, vedtekne i mai i år, heiter det mellom anna at:

Regjeringa forventar at kommunane legg vekt på arkitektur og kvalitet i dei bygde omgivnadene, og planlegg med utgangspunkt i særpreget til stadene, kulturhistoriske element og viktige landskapstrekk. Eldre busetnader og bystrukturar blir vurderte som ressursar i ein sirkulær økonomi.

Eg vil òg syne til Granavoldenplattforma. Der heiter det mellom anna at:

Den bygde kulturarven er også ein ressurs i eit gjenbrukperspektiv. Ny bruk av gamle bygningar bidreg til å redusere klimagassutsleppa og redusere produksjonen av avfall, og er slik sett eit bidrag i omstilling til sirkulærøkonomi og eit moderne og berekraftig lågutsleppssamfunn. Kulturminne og kulturmiljø speler òg ei sentral rolle i berekraftig byutvikling.

Regjeringa vil synleggjere kulturminne og kulturhistoriske verdiar som ein ressurs i samfunnsutviklinga og som del av den samla miljøforvaltinga, særleg innanfor by- og tettstadsutviklinga.

I dei statlege planretningslinene for bustad, areal og transportplanlegging er kulturminne og estetiske kvalitetar særskild nemnd som omsyn som må takast i arealplanlegginga.

Administrerande direktør i Statsbygg slo an tonen då han i vinter erklærte: "Vi kan ikkje bygge oss ut av klimakrisa!" Statsbygg har då òg revidert miljøstrategien sin i år. Strategien trekk fram klima, sirkulærøkonomi og lokalmiljø. Det handlar om å vere meir bevisst bruk av areal, ombruk av bygningar og materialar, handtering av avfall med meir.

Eg vil nemne eit døme på god stadsutvikling: Ålgård sentrum i Gjesdal kommune fekk nyleg "Statens pris for byggkvalitet 2019" for vellykka omforming (såkalla transformasjon) av sentrum. Det nye sentrumet bidreg til å styrte byens sosiale, miljømessige, kulturhistoriske og økonomiske berekraft. Gjennom samarbeid og medverknad har Gjesdal kommune gitt byen nye kvalitetar og fornya identiteten til staden. Den gamle lokstallen brukast no som kafé, og designelement er brukt for å styrke forteljinga om staden si historie og identitet.

Riksantikvaren gjer eit viktig arbeid med å sjå på samfunnsnytte og verdisetting av kulturminne og kulturmiljø. I den siste rapporten dei har fått utarbeidd: "Miljøvurdering ved oppgradering av verneverdig busetnad" sett SINTEF Byggforsk og NIKU søkelys på miljødeklarasjonar for byggprodukt, såkalla EPD-ar. Rapporten konkluderer med at deklarasjonane i dag er mangelfulle, og at det er mange grunnar til å jobba vidare med utvikling av miljødeklarasjonar for byggematerialar

Eg vil òg understreke at ein ikkje berre kan telje verdien av kulturarven i kroner. Kulturarven er òg viktig for ein stads identitet, tilhøyrigheit og og innbyggjarane og turistane si oppleving av ein stad.

Departementet arbeider no med ei ny stortingsmelding. Meldinga vert lagt fram for Stortinget våren 2020 og vil presentere nye nasjonale mål for kulturminnepolitikken. Han vil mellom anna omhandle kulturarvens samfunnsnytte og koplinga mellom kulturarv og berekraftig utvikling.

 

  1. Avslutning (løfte blikket – sjå framover)

Eg har store forventingar til stortingsmeldinga. Det er eit godt høve til å løfta kulturminnepolitikken, og å sjå kulturminneforvaltinga i samband med annan arkitektur- og miljøpolitikk.

Samtidsarkitektur er kulturminne i framtida. Ofte setjast det eit kunstig skilje mellom ny og eldre bygningskultur. Europas kulturministrar vedtok i fjor – i kulturarvåret 2018 – ei erklæring om "high quality Baukultur", som set søkelys på kvaliteten i dei bygde omgjevnadene. Fråsegna seiar at kulturarven og det som byggjast no må sjåast i samanheng.

Kulturarven er ein del av "miljø- og klimafamilien". Klimaendringane påverkar kulturarven, og det må gjerast tiltak for å redusera skadeverknadane. Samstundes har kulturminna ein viktig rolle i klima- og miljøarbeidet. Kulturarven kan derfor også vere ein ressurs i byutviklinga – og bruk, gjenbruk og transformasjon av hus og byområde er viktige bidrag for at vi skal nå klimamåla.

Men mest av alt er kulturminner kjelder til kunnskap om vår fortid og kvar vi kjem frå. Det er nyttig kunnskap i ei tid der måten vi lever på endrar seg radikalt.

Lykke til med møtet og det vidare arbeidet!