Historisk arkiv

Kulturminister Widvey deltok på første møte i Strategiutvalet for idretten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Strategiutvalet for idretten hadde sitt første møte 5. mars. Jan Åge Fjørtoft leiar eit breitt sammansett utval med mykje erfaring frå idretts- og samfunnslivet.

Gruppebilete av utvalsmedlemmene
Bilete frå venstre: utvalsleiar Jan Åge Fjørtoft, spesialrådgjevar i Norges idrettsforbund Magnus Sverdrup, prosjektleiar Cato Zahl Pedersen, rådgjevar for idrett og fysisk aktivitet i Alta Åse Kristin H. Abrahamsen, kraftverkssjef i Norsk Hydro Anneli Nesteng, leiar for Grorud Taekwondoklubb og assisterande landslagstrenar i Taekwondo Mikael Oguz, kulturminister Thorhild Widvey, forskingskoordinator ved Senter for toppidrettsforskning ved NTNU Øyvind Sandbakk, lege ved UNN og medisinsk ansvarleg for herrelandslaget i fotball Jorid Degerstrøm og leiar for avdeling for samfunn og gåve i Gjensidigestiftinga Ingrid Tollånes Foto: foto: Ketil Frøland, Kulturdepartementet

- Eg er svært glad for at de har takka ja til å vere med i strategiutvalet, sa kulturminister Thorhild Widvey.
- De er handplukka som medlemmer fordi vi treng å tenkje nytt rundt idrett, folkehelse, fråfall i idretten, anleggssituasjonen og økonomiske utfordringar som hindrar aktivitet blant barn og unge, sa kulturminister Widvey.

Utvalet har eit vidt mandat og dekkjer alle delar av befolkninga, frå grupper som i dag er fysisk inaktive eller deltek lite i idrettsaktivitetar til toppidretten. Rammevilkåra for frivilligheita, som på mange vis er sjølve ryggrada i norsk idrettsliv, vil også vere ein viktig del av arbeidet i utvalet. 

Les meir om mandat og samansetning av Strategiutvalet for idretten