Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) til Bergen torsdag og fredag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 22.oktober- fredag 23.oktober gjestar kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby Bergen. Statsråden skal mellom anna vere med på utdelinga av Holberprisen i skulen, og besøke Åsane vgs. for å få innspel til ny stortingsmelding om vidaregåande opplæring. Meldinga kjem våren 2021.

Program torsdag 22.oktober:

12.15               Skulebesøk Åsane vgs. 

Adresse: Åsane Senter 52 , 5116 Ulset

Tema er stortingsmelding om vidaregåande skule: Yrkesfag fører til forskjellige variantar av ulik kompetanse. Statsråden skal møte elevar og  tilsette for mellom anna høyre om korleis vi kan tenke annleis om skule med hovudvekt på yrkesfag.

13.15               Skulebesøk Ulsetskogen barneskule.

Adresse: Ulsetskogen 14, 5119 Ulset

Tema:  Nye læreplanar. Statsråden besøker tre klassar som har ulike fag med vekt på praktisk læring.

18.00-21.00     Statsråden deltek på utdeling av Holbergprisen i skulen.

Adresse: Hovudsalen i KODE 1, Nordahl Bruns gate 9, 5014 Bergen

Kontakt:
Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjvar Ajfer Husejin på tlf 95936485 eller pr. e-post på ajfer.husejin@kd.dep.no