Historisk arkiv

Kunnskapsministeren besøker Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Tysdag 25. april skal kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opne @pi-konferansen i Larvik, gjeste Jotun i Sandefjord og besøke Husvik skole i Tønsberg.

10.00  Opning av @pi-konferansen 2017

Konferansen er etablert for å inspirere og gi alle barnehagetilsette nye tankar og idear for å møte realfagssatsinga til regjeringa, «Tett på realfag i barnehagen». Statsråden opnar konferansen med innlegget «Tett på realfag – vegen vidare».

Stad: Bølgen kulturhus, Larvik. 

11.30  Besøk hos Jotun

Dei tilsette ved Jotun vil gi statsråden forskingspolitiske innspel til arbeidet med å revidere langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Dette er del av ein turné der statsråden gjestar både offentlege og private forskingsmiljø over heile landet.

Stad: Jotun, Hystadveien 167, Sandefjord. 

13.00  Besøk på Husvik skole i Tønsberg

Nyleg la regjeringa fram stortingsmeldinga "Lærelyst – Tidleg innsats og kvalitet i skolen". Statsråden besøker Husvik for å sjå konkrete døme på korleis skolen arbeidar med tidleg innsats.

Stad: Bjørneveien 2 (Hovedinngang fra Husvikveien), Tønsberg. 

Det blir høve til å intervjue statsråden alle stader. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen, tlf. 99239083.