Historisk arkiv

Kunnskapsministeren legg fram ny fagskolemelding

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Fredag 2. desember legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram ei ny melding til Stortinget om korleis han vil styrke fagskolane og gjera fagskoleutdanning meir attraktivt.

Tid: Fredag 2. desember kl. 12.15 – 13.05.

Stad: Bjørvika, i brakkene rett på baksida av Operaen (se etter skilt).

Noreg treng arbeidstakarar med yrkesretta utdanning frå fagskoler og yrkesfag for å lykkast med omstillinga av økonomien. Fire av ti bedrifter manglar fagskoleutdanna arbeidskraft, og melder om tapte oppdrag på grunn av dette, viser tall frå NHO. SSB reknar med at Noreg vil mangle nær 100 000 fagarbeidarar i 2035.

Med stortingsmeldinga "Fagfolk for fremtiden" vil regjeringa bidra til å skaffe Noreg nok dyktige fagfolk og fagarbeidarar for framtida.  

Pressekonferansen blir strøymd på https://www.facebook.com/kunnskapsdepartementet/

Program:

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil legge fram dei viktigaste forslaga i meldinga, og han vil helse på tilsette med utdanning frå fagskolar på byggeplassen for prosjektet Diagonale i Bjørvika.

Det blir høve til separate intervju med kunnskapsministeren rundt kl. 12.45. Det skjer i utkanten av byggeplassen som ikkje krev verneutstyr.

Det vil vere organisasjonar frå fagskolesektoren til stades.

Vi set pris på om journalistar som ønskjer å kome melder seg på til hoph@kd.dep.no.