Historisk arkiv

Kunnskapsministeren til Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad:

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Larvik, Horten og Sandefjord torsdag 10. september. Media er invitert til å vere med.

08:00-08.30 Thor Heyerdahl vidaregåande skole, Larvik

Det er ein pilot ved Thor Heyerdahl vidaregåande skole for å prøve å tilby meir grunnskoleopplæring til elevar på vidaregåande skole som treng dette. Nå ønskjer regjeringa å gje alle vidaregåande skolar høve til å gi slik opplæring.
Adresse: Hoffs gate 6, 3262 Larvik 

9:15-10:00 Besøk Borre ungdomsskole, Borre

Kunnskapsministeren kjem til Borre ungdomsskole for å høyre meir om korleis skulen vil jobbe med realfag. Realfagskommunar er eit hovudtiltak i realfagsstrategien til regjeringa Tett på realfag.
Adresse: Ynglingeveien 11, 3184 Borre. 

10:30-11:30: Bugården skule, Sandefjord

Kunnskapsministeren vil halde tale under den offisielle opninga av Bugården skole.
Adresse: Sportsveien 31, 3224 Sandefjord.