Historisk arkiv

Kven vert Årets trafikktryggleikskommune 2015?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- God lokal innsats for trafikktryggleik er avgjerande for å få ned talet på drepne i vegtrafikken. Vi vil difor løfte fram kommunar som gjer eit ekstra godt arbeid og som kan vere til inspirasjon for andre, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det er fjerde gong Samferdselsdepartementet deler ut prisen Årets trafikktryggleikskommune. I 2014 fekk Bodø prisen. I 2013 delte nabokommunane Austrheim og Lindås i Hordaland prisen, mens Nøtterøy i Vestfold vann i 2012.

Ein million kroner

Prisen skal inspirere til godt arbeid med trafikktryggleik lokalt. Prispengane for 2015 er ein million kroner.

Kommunen som får prisen må dokumentere godt arbeid med trafikktryggleik og ha gode planar for innsatsen framover. Kommunen må ha ein plan for trafikktryggleik, mellom anna om sikring av skulevegar.

Utpeiking

Samferdselsdepartementet har no vendt seg til alle fylkeskommunane, med ynskje om at dei peikar ut ein eller to kommunar som kan vise til eit særleg godt lokalt trafikktryggleiksarbeid.

Det er Statens vegvesen som administrerer ordninga og står for arbeidet med å kome fram til gode kandidatar. Samferdselsdepartementet avgjer kven som får prisen, i samråd med Kontaktutvalet for trafikktryggleik.

 

Les meir om konkurransen i brevet til fylkeskommunane her