Historisk arkiv

Kvote for nordaustarktisk sei for 2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei i 2019 til 149 550 tonn.

Dette er 13,3 prosent mindre enn for 2018 og innanfor stabilitetsregelen på 15 prosent. Regelen sikrar at det ikkje blir for store endringar i fiskekvotane frå år til år.

Totalkvoten er sett i tråd med tilrådninga frå Det internasjonale råd for havforskning (ICES). Sei nord for  62°N er ein norsk bestand som Noreg forvaltar utan forhandlingar med andre land.