Historisk arkiv

Kyotoprotokollens forpliktingar trer i kraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Forpliktingane i Kyoto-protokollen for 2013-2020 trer no i kraft. Desse regulerer utslepp av klimagassar frå EU, Noreg og enkelte andre land.

Seint 2. oktober, som var absolutt siste frist, blei det klart at dei såkalla Doha-endringane trer i kraft. Då hadde eit tilstrekkeleg antal land ratifisert avtalen.

Doha-endringane etablerte Kyotoprotokollens andre forpliktingsperiode, og blei vedtekne på klimatoppmøtet i Doha i 2012.

- At Doha-endringane trer i kraft er godt nytt for den internasjonale klimaprosessen. Noreg ligg godt an til å klare våre forpliktingar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Sjå nyheitsmelding på Klimasekretariatets heimeside.