Kystverket: Skipsfarten får lågare avgifter

- Regjeringa vil styrke sjøtransporten og gjev no skipsfarten betydelege reduksjonar i sektoravgiftene for 2019. Vi er godt nøgde med at vi no reduserer sikkerheitsavgiftene med inntil 15 prosent, og at losavgifta ikkje justerast opp for pris- og lønnsvekst, påpeiker samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa reduserer sikkerheitsavgifta med 9,1 prosent  for trafikken som dekkast av sjøtrafikksentralen på Grenland. Sikkerheitsavgifta for trafikken som dekkast av sjøtrafikksentralen på Kvitsøy, utanom den del av trafikken som skal inn til gassterminalen på Kårstø, vert redusert med 15 prosent. For dei andre sjøtrafikksentralane er avgiftssatsane moderat redusert eller uendra.

Losavgiftene er uendra frå 2018 til 2019. Dette er reelt sett ein reduksjon om ein tek høgde for normal pris- og lønnsvekst. Gunstig utvikling i inntektsgrunnlaget og moderat vekst i kostnadene har gjort det mogleg å redusere avgiftssatsane.

- Den tydelege satsinga til regjeringa på kostnadseffektive løysingar gir no positive resultat for heile nærskipsfarten. Eg er glad for at dei naturlege svingingane i økonomien og aktivitetsnivået for skipsfarten også dreg i riktig retning, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.        

Til toppen