Historisk arkiv

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale diskuterte skrantesjuke med EU-kommissær Andriukaitis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har i dag hatt møte med EU-kommissær for helse og mattrygghet Vytenus Andriukaitis.

Frå norsk side vart det orientert om status for skrantesjuke (CWD) og gjeve synspunkter på tiltaka som EU vurderer for å hindre spreiing av sjukdommen frå Noreg til EU. Ei arbeidsgruppe under EU-kommisjonen diskuterer ulike tiltak mot sjukdommen.  

EU-kommissær for helse og mattrygghet Vytenus Andriukaitis og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
EU-kommissær for helse og mattrygghet Vytenus Andriukaitis og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Eg meiner at vi i Noreg gjer ein omfattande og viktig jobb for å forsøke å utrydde denne sjukdommen og hindre at den spreier seg til resten av Europa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. -  Vi har so langt undersøkt om lag 37.000 hjortedyr og vi er i ferd med å ta ut heile den smitta flokken i Nordfjella. Men det er vanskeleg å akseptere at vi som gjer dei mest omfattande tiltaka, skal bli pålagde dei største restriksjonane, seier Dale. 

– Dei foreslåtte tiltaka frå EU si side er etter vår vurdering uforholdsmessige. Dei kunne mellom anna ha hatt vidtrekkjande følgjer for tamreindrift og jakt i Noreg, seier landbruks- og matministeren. 

EU-kommissær for helse og mattrygghet Vytenus Andriukaitis og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Fra dagens møte. Foto: Landbruks- og matdepartementet

EU-kommisæren var imponert og roste den norske innsatsen både når det gjeld tiltak for å utrydde sjukdommen og når det gjeld å utvikle kunnskap om ulike variantar av smittestoffet. Dei norske røynslene er særs nyttige når EU skal vidareutvikle dei nye reglane for overvaking og tiltak mot smitte. 

– Noreg fekk anerkjenning for det arbeidet vi har gjort, seier Dale. – Ja, EU peikar nå på Noreg i den vidare oppfølgjinga av CWD på europeisk nivå,  fordi vi sit på mykje kunnskap og verdfull røynsle. Eg opplevde at kommissæren var svært lydhøyr for dei faglege innspela vi ga og dei utfordringane som forslaget til EU-regelverk kan gje for Noreg, seier landbruks- og  matminister Jon Georg Dale.