Historisk arkiv

Ledige direktørstillingar for Havforskingsinstituttet og NIFES

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet lyser ut direktørstillingane for Havforskingsinstituttet og NIFES. Begge stillingane er åremålsstillingar på seks år, med mogleg forlenging med éin periode til.

Direktør for NIFES

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) - er eit forvaltningsorgan under Nærings- og fiskeridepartementet. Forskingsinstituttet er rådgivar for styresmakter, forvaltning og næringsliv i spørsmål som gjeld sunn og trygg sjømat, både frå fiske og oppdrett.

NIFES har vakse mykje dei siste åra, både når det gjeld oppgåver og tilsette. Instituttet har i dag kring 140 årsverk, og av dei er 52 forskarar. Instituttet forvaltar også forskingsinfrastruktur i form av analysemetodar og laboratorium – og har ei årleg omsetning på om lag 155 millionar kroner. Verksemda held til på Nordnes i Bergen.

Søknad og CV må registrerast snarast mogleg og seinast innan 28. august 2015 på iscogroup.no

 

Direktør for Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet er eit av dei største marine forskingsmiljøa i Europa og er eit forvaltningsorgan under Nærings- og fiskeridepartementet. Instituttet har kring 750 årsverk - og har hovudkontor på Nordnes i Bergen og avdelingar i Tromsø og Arendal. Havforskingsinstituttet forvaltar ein betydeleg del av norsk marin forskingsinfrastruktur i form av fartøy og forskingsstasjonar. Instituttet har ei årleg omsetning på om lag 1,1 milliardar kroner og eigedelar verdsett til 854 millionar kroner.

Havforskingsinstituttet tar hand om viktige samfunnsoppgåver og er ein leiande leverandør av kunnskap og råd for berekraftig forvaltning av ressursar og miljø i dei marine økosystema. Instituttet samlar, forvaltar og gjer tilgjengeleg data om hav og kystområde, driv internasjonalt leiande forsking og leverer forskingsbaserte råd og tenester til styresmakter, forskingsmiljø og næringsorganisasjonar. Instituttet har ei fri og uavhengig rolle i alle faglege spørsmål.

Søknad og CV må registrerast snarast mogleg og seinast innan 28. august 2015 på iscogroup.no