Historisk arkiv

Lien opna oppgradert fleirfaselaboratorium

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Torsdag opna olje- og energiminister Tord Lien Sintef sitt oppgraderte fleirfaselaboratorium. Teknologien gjer det mogleg å frakte ubehandla olje, gass og vatn over lange avstandar på havbotnen. Oppgraderinga til 3-faseutrekningar vil setje oljeindustrien i stand til å auke utvinninga per investert krone – og få utslepp av CO2 ned.

-Fleirfaseteknologi er ein av grunnsteinane for oljeverksemd, og ein viktig byggjekloss i framtidig utvinning. Vi vil ha oljeverksemd i mange tiår. Leiande kompetansemiljø som SINTEF og IFE er avgjerande for innovasjon og konkurransekraft i industrien, sa Lien under opninga.

- I denne vanskelege tida for petroleumsnæringa er det avgjerande at forsking bidreg med innovasjon som gjer teknologien meir kostnadseffektiv. Difor satsar regjeringa tungt på forsking, held Lien fram. 

Etter opninga held t statsråden hovudtalen på Flow assurance- konferansen som vart arrangert av Norwegian Centres of Expertise Instrumentation (NCEI) og Global Centre of Expertise Subsea i samarbeid med SINTEF.

Les meir om fleirfaseteknologi på Sintef sine sider.