Lihkku sámi álbmotbeiviin! – Gratulerer med samefolkets dag!

– I dag feirar vi samefolkets dag med glede og stoltheit. Som statsråd med ansvar for samiske saker er det ei stor glede å gratulere med dagen. Dette er ein festdag for alle samar – dagen er også ei viktig anerkjenning av mangfaldet i landet vårt, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Stortingsmelding om folkehelse og levekår i den samiske befolkninga

Regjeringa legg i år fram ei stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv som handlar om folkehelse og levekår i den samiske befolkninga.

Folkehelseutfordringar i den samiske befolkninga kan mellom anna knytast til oppleving av diskriminering og tap av kultur og språk. Meldinga vil signalisere politikk for å avhjelpe desse utfordringane. Regjeringa har òg starta opp arbeidet med ein handlingsplan mot hets og diskriminering av samar. 

– Det er viktig for regjeringa å sikre gode rammevilkår for samiske

språk, kultur, næringsliv og samfunnsliv. Like viktig er det å sikre god helse og livskvalitet i den samiske befolkninga, seier statsråden.

Om samefolkets dag

Samefolkets dag blir feira til minne om det første samelandsmøtet som vart halde i Trondheim 6. februar i 1917. Dagen markerer fellesskapet på tvers av landegrensene på Nordkalotten. Samefolkets dag vart markert for første gang i 1993 og vart offisiell flaggdag i Noreg i 2004.

– 6. februar er ein viktig dag for å feire den rike samiske kulturen, dei samiske språka og den samiske historia. Eg ser fram til dagens markering,  seier Sande.

Gratulerer med samefolkets dag!  

Læhkoeh biejjine – Vuorbbe biejvijn – Lihkku beivviin – Gratulerer med dagen!