Lise Iversen Kulbrandstad ny styreleiar i NOKUT

Kunnskapsdepartementet har valt Lise Iversen Kulbrandstad som ny leiar av styret til NOKUT - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga.

Lise Iversen Kulbrandstad er professor i norskdidaktikk ved Avdeling for lærarutdanning og naturvitskap ved Høgskolen
i Hedmark og har også ein professor II-stilling ved Karlstads universitet. 

– Kulbrandstad er ein dyktig og erfaren leiar som kjenner utfordringane i sektoren godt, det er ei erfaring som vil kome godt med som styreleiaren til NOKUT, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.  

Kulbrandstad har tidlegare vore rektor ved Høgskolen i Hedmark, og ho er også medlem
av ekspertutvalet kunnskapsministeren har valt for å utgreie lærarrolla. I 2015 leia ho rammeplanutvalet, som arbeidde med å utvikle forslag til rammeplanar for femårige, integrerte grunnskolelærarutdanningar på masternivå. I perioden 2011-2015 var ho nestleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR).

Oppnemninga av Kulbrandstad gjeld for fire år og ho tiltrer 1. januar 2017.

Styret består forutan styreleiar av:

  • Jan I. Haaland, professor, NHH
  • Jon Erik Svendsen, Dean Bachelor, Handelshøyskolen BI
  • Inger Lise Blyverket, leier for arbeidslivspolitikk, Virke
  • Svein Harald Larsen, fagsjef utdanning, Utdanning og rekruttering, Norsk Teknologi
  • Stina Vrang Elias, administrerande direktør, Tænketanken DEA & Danish Society for Education and Business (DSEB)

Det skal også bli peika ut representantar til styret frå studentorganisasjonane og dei tilsette.

http://www.nokut.no/