Historisk arkiv

Listhaug i møte med Matindustrialliansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

I møte med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug presenterte representantar for matindustrien i dag ein felles plattform for auka konkurransekraft i denne industrien.

I møte med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug presenterte representantar for matindustrien i dag ein felles plattform for auka konkurransekraft i denne  industrien. 

Jan-Egil Pedersen, leiar i Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbundet har tatt initiativ til å samle den norskbaserte matindustrien i en ny allianse, Matindustrialliansen, for saman å utvikle ein plattform for auka konkurransekraft. Pedersen seier at han tok dette initiativet fordi fråveret av felles framstøyt har gjort at matindustrien ikkje har blitt prioritert høgt nok av dei som tek sentrale avgjerder. - Matindustrien har rett og slett ikkje fått nok merksemd i politiske parti, i media og på regjeringshald, seier Jan-Egil Pedersen. 

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug seier seg glad for initiativet. – Matindustrien er vår største landbaserte næring med 46.000 tilsette, og er svært viktig i alle delar av landet. Eg vil leggje vekt på denne plattformen i det vidare arbeidet, seier Listhaug. 

Den felles plattformen har 21 felles-synspunkt, gruppert under sju temaoverskrifter. 

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug møtte representanter for matindustrien i dag.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug møtte representantar for matindustrien i dag. Til høgre Jan-Egil Pedersen, leiar i Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbundet som presentrte matindustrien sin platform. (Foto: LMD)
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug møtte representanter for matindustrien
Fra pressekonferansen etter møtet.
Frå pressekonferansen etter møtet. (Foto: LMD)